Her opnar fylkesvaraordførar Rune André Sørtveit Frustøl og Åmli-ordførar Hans Fredrik Tangen den nye vegen i Åmli.
Elias Georg Andresen / Agder fylkeskommune
– Dette er ein festdag for fylkeskommunen, det er ein festdag for Åmli kommune og det er ein festdag for heile Austre Agder, seier fylkesvaraordførar Rune André Sørtveit Frustøl.
Han fekk, saman med Åmli-ordførar Hans Fredrik Tangen, æra av å ta saksa fatt og klippe det raude, kvite og blå bandet som vart strekt over vegen ved Simonstad.
Sjeldan ny veg
I tråd med mobilitetsplanen i Agder blir det sjeldan bygd ny veg. Ein skal heller betre eksisterande strekningar.
– At vi no opnar 4900 meter ny fylkesveg, er noko vi svært sjeldan gjer i Agder. Vi er opptekne av å bruke opp igjen mest mogleg, men her var det ikkje mogleg. Vi har fått eit kjempegodt resultat, seier fylkesvaraordføraren.
Viktig for næringslivet
Mange hadde møtt opp for å få med seg vegopninga.
Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune
Også prosjektleiar Siri Thorvaldsen Vevstad i Agder fylkeskommune var nøgd både med vegen og opningsmarkeringa.
– Det er jo noko av det gøyaste ein gjer: Når ein jobbar lenge med ting, og så endeleg ser ein resultatet. Det er stort, seier Thorvaldsen Vevstad, og legg til at ho blir litt stolt når ho ser det endelege resultatet.
Vegen vert viktig både for innbyggjarar og næringslivet.
– Dette er ein del av dei regionale vegane som går frå indre bygder og ut til kysten. Dette er ein av fire industrivegar som skal byggast i Agder i åra framover. Vi har bygd fyrste delen ved Arendal hamn, denne no, og så håpar vi på å byggje fylkesveg 475. Alt dette heng saman, fortel Thorvaldsen Vevstad.
På dette viset vil ein skape eit betre samband mellom indre bygder, E18 og hamnene langs kysten.
– Redusere inngrep i naturen
Vegen har ei breidd på 7,5 meter, men med asfaltert skulder heilt ut, slik at ein ikkje har grusskulder.
– Det er jo cirka 4,9 kilometer med ny veg som er bygd. Vi har kryssa den gamle vegen her ved Simonstad. Det er ein H2-veg med smal profil for å redusere inngrep i naturen. Det gir jo innsparingar og mindre utfordringar, seier byggeleiar Paul Ridola i Agder fylkeskommune.
Byggeleiaren er nøgd med resultatet.
– Eg synest det har blitt veldig bra. Veglinja ligg fint i terrenget, og samstundes har vi pussa til areala rundt. Det er naturleg revegetering, og då er det naturleg inn mot kollar og knattar som står rundt omkring, forklarar Ridola.
Hilde Moberg (frå venstre), Siri Thorvaldsen Vevstad og Paul Ridola frå Agder fylkeskommune, som alle har hatt sentrale roller i prosjektet.
Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune
Klimaomsyn
– Det er jo ikkje noko nytt at vi prøver å få ned klimautsleppa. I dette prosjektet spurte konsulenten om det var mogleg å sjå på ei alternativ linje som ikkje låg så djupt i terrenget og som dermed ikkje hadde så mykje sprenging, seier prosjektleiar Thorvaldsen Vevstad.
Prosjektleiinga spurte då om det i tillegg var pengar å spare, og det var det ifølgje konsulenten.
– Det er den linja vi har bygd i dag, med modifikasjonar for å redusere klimautsleppa endå meir, seier prosjektleiaren, og legg til at ho synest det er interessant å sjå dei ulike stega i prosjektet.
– Planar blir knadde, og dei blir faktisk betre, avsluttar ho.
Fyrste bil på vegen fekk både gratulasjonar og blomar.
Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune
Delar av fv. 415 Simonstad – Selåsvatn.
Paul Ridola / Agder fylkeskommune
Fakta om fv. 415 Simonstad – Selåsvatn
- Ny veg: 4,9 kilometer ny fylkesveg mellom Simonstad og Hovdefjell i Åmli kommune.
- Formål: Betre trafikktryggleiken og framkomsten for både personbilar og næringstrafikk.
- Tungtransport: Strekninga har om lag 1000 køyretøy i døgnet, og 11 prosent er tungtransport.
- Vintertrafikk: Den nye veglinja gir betre stigningstilhøve og skal gjere det lettare for tungtrafikken å kome fram vinterstid.
- Næringsliv: Tiltaket legg til rette for næringstransport, mellom anna med tanke på venta auke i aktiviteten hos Bergene Holm.