– Målet med den nye skolen er å samle kreftene og utvikle sterke fagmiljø, gode pedagogiske tilbod og ein skole som står støtt også i framtida, sa Sørtveit Frustøl.
Kreativ snorklipping
Etter ei kort tale fekk han hjelp av elevar frå kvart av skolen sine programområde til å gjennomføre den litt uvanlege, men svært kreative snorklippinga. Elevane hadde på førehand fått i oppdrag å tolke ei snorklipping ut frå sitt fagområde. Dermed vart både motorsag, steinkuttar, rullestol, koffert, dokker, tau og mykje anna teke i bruk då elevar frå kvart programområde samstundes stod for «klipping» av mange ulike former for snorer. Opningssekvensen hausta stor applaus frå dei frammøtte.
På gjestelista stod mellom anna leiaren av hovudutvalet for utdanning i Agder, ordførarane i både Tvedestrand og Risør, presse og fylkesdirektøren for utdanning. Og ikkje minst dei 190 elevane frå studiestad Risør og dei 490 elevane frå studiestad Tvedestrand.
Hovudpersonane – elevane!
Dei tilsette var godt synlege i dei gule t-skjortene sine med bodskapen: «Eg er her for deg!» Både menyen og innhaldet på festdagen var laga med tanke på at elevane er dei viktigaste på skolen.
Programmet bestod mellom anna av silent disco, photobooth, minikonsert samt mat og drikke.
I ei av dei få talane hadde Arly Hauge, fylkesdirektør for utdanning, eit viktig bodskap til elevane:
– Ein skole blir ikkje til fordi han får eit nytt namn. Ein skole blir først og fremst til gjennom menneska som går der, og gjennom det de gjer kvar einaste dag. Østre Agder vgs og dei som jobbar ved skolen, kjem til å arbeide for at de skal oppleve at de høyrer til på skolen, at de får til ting, og at de opplever å vere inkluderte. Det er det viktigaste for alle her. Dei tilsette kjem til å sjå dykk, utfordre dykk, men også møte dykk med omsorg.
Men vi er avhengige av kvar einaste ein av dykk som sit her. Ein god skole og ein god skolekultur kjem ikkje av seg sjølv. Han blir skapt gjennom alle dei små vala vi tek kvar einaste dag. At vi helsar når vi møter nokon. At vi smiler til folk, og at vi seier hei også til nokon vi kanskje ikkje kjenner. At vi inviterer andre med, og at vi er nysgjerrige på menneske som kanskje er litt annleis enn oss sjølve. I dag handlar det kanskje berre om at dei kjem frå den andre studiestaden.
Det du gjer, har betydning. Du kan vere den som gjer at ein annan elev opplever å høyre til og trivast. Bruk aktivitetane i dag til å møte nokon nye og bli kjende.
– Men først og fremst: Ha det kjekt saman. For det er de som skal skape den nye skolen og byggje den kulturen de ønskjer å ha, oppmodar Arly Hauge.
Nøgde elevar
– Det har vore ein fin og annleis dag. Det har vore kjekt å møte nye folk og nokre som vi gjekk saman med på ungdomsskolen. Eg trur den samanslåtte skolen kan gi nytt samhald og nye vennskap, oppsummerte Aleksandra og Elisabeth, to VG2-elevar frå studiestad Risør.