Samarbeid styrkjer læring

I vinter har tannhelsesekretærlinja ved Kvadraturen vidaregåande skule, besøk av spesialistar frå den offentlege tannhelsetenesta.  - Vi set stor pris på å få denne fagkompetansen til oss, og samarbeidd på tvers av fylkeskommunen. Møte med pasient gjer sterkt inntrykk på elevane våre og læringa set seig sterkare. Det fortel lærar Mona Bakken. 

- Elevane får sjå kognitiv terapi og eksponerings-terapi i møte med pasient. Det gjer også sterkt inntrykk når pasient Jan Ivar Velve, deler årsaka til sin odontofobi. Velve synsest arbeidet er så viktig at han stiller opp på dette for å hjelpe tannhelsepersonell til å forstå korleis dei kan bidra slik at pasientar kan få tannbehandling, forklarer Bakken. 

Det var til saman 14 elevane på vg3 og lærarane deira som fekk besøk av TOO-team frå tannhelsetenesta (TOO - Tortur - Overgrep - Odontofobi). I tillegg til pasienten kom også sekretær Liv Gunnhild Tveiten Ryger og psykolog Bent Storå. Seinare fekk dei besøk av spesialist-sjukepleiar Anne-May Heskestad Gyberg. Ho jobbar i det daglege ved Vågsbygd tannklinikk saman med oralkirurg Pernille Næsset. Ho kom for å vise kirurgisk oppdekking og prosedyrar i samband med kirurgi.

Samarbeid sidan år 2000

- Både Bent Storå og Anne-May Gyberg Heskestad, som til dagleg jobbar i Agder tannhelseteneste, stiller opp for oss kvart år med inspirerande foredrag for elevane, fortel Mona Bakken begeistra.

- I tillegg til å gjer sterkt inntrykk på elevane våre så har gjestene våre svært god formidlingsevne. Elevane våre vil jo også vere framtidige kollegaer til gjesteforelesarane!  Så dette er positivt for alle. Vi set utruleg stor pris på samarbeidet og er takksamt for godt samarbeid med tannhelsetenesta og kompetansen deira til undervisning av dei framtidige tannhelsesekretærane våre, avsluttar Mona Bakken.