Ei ny nasjonal satsing skal sørge for at friluftsområde vert kartlagt.
Ingvild Paulsen / Agder fylkeskommune
Fylkeskommunen har ei sentral rolle i arbeidet med å koordinere og støtte kommunane, samstundes som dei skal gjennomføre ei regional kartlegging.
Det overordna målet for satsinga er å sikre eit kunnskapsgrunnlag om friluftslivsområde som er oppdatert, lett tilgjengeleg og kan brukast aktivt av alle som arbeider med arealplanar og konsekvensutgreiingar.
Kartlesing i Valle kommune.
Ingvild Paulsen / Agder fylkeskommune
– Det er eit aukande press på areal, og undersøkingar viser at areal som er verdifulle for friluftsliv, og dermed for folkehelse og livskvalitet, blir bygde ned. Vi ser fram til å støtte kommunane og kartleggje friluftsområda, seier rådgivar Ingvild Paulsen i Agder fylkeskommune.
Dette er dei ulike delane i satsinga:
- Delprosjekt 1: Regional kartlegging (2026–2027)
- Delprosjekt 2: Kommunal kartlegging og verdsetjing (2026–2030)
Meir informasjon om kartlegginga av friluftsområde.