Storbesøk frå Jylland på vidaregåande skule

Nyleg fekk Dahlske vidaregåande skule besøk av ein delegasjon danske skuleleiarar og politikarar frå Nordjylland.

Rett etter nyttår mottok vi ei hyggeleg førespurnad frå ein dansk kollega. I Danmark står ungdomsutdanningsområdet framfor betydelege forandringar, og dei danske skuleleiarane ønskte å hente inspirasjon frå Noreg. Delegasjonen bestod av rundt 30 personar, inkludert rektorar, direktørar, administrasjonsmedlemmar og politikarar frå Nordjylland, forklarer rektor Gunhild Espeset på Dahlske vidaregåande skule.

Besøket var organisert gjennom Erasmus+, og føremålet var å lære om det norske utdanningssystemet, spesielt kombinerte skular som tilbyr både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar.

Nysgjerrige på kombinerte skular

Under besøket på Dahlske vidaregåande skule fekk dei danske gjestene høyre om fordelane og utfordringane med kombinerte skular (skular som tilbyr både yrkesfag og studieførebuande fag). Dette er ein modell som er godt etablert i Noreg, men som representerer ei ny tilnærming for Danmark. Rektor og Arly Hauge, utdanningsdirektør i Agder fylkeskommune, svarte på mange gode spørsmål frå dei danske skuleleiarane. I tillegg vart også den nye opplæringslova i Noreg diskutert. Etter ei omvising på skulen og ein god lunsj saman, heldt delegasjonen fram besøket dagen etter på Kristiansand katedralskule Gimle (KKG).