Scene frå VR-filmen frå ei trafikkulukke.
Trafoen
– Me er utruleg stolte av at den nye filmen vår vart kåra til beste 360 film i konkurranse med 40-50 andre gode kandidatar. Takk til MOSE Studios for super produsentjobb og takk til RippleX Studios for avansert og dyktig filming og klipping, seier leiaren av Trafoen Marit Bech Olsen.
Same film som på Trafoen
VR-filmen som er laga for Trafoen er ein 360-graders trafikktryggleiksoppleving.
Deltakarane bevegar seg gjennom fleire rom i VR-filmen, og opplever ei trafikkulykke på nært hald, med sikte på å auka medvitet og endra haldningar til trafikktryggleik blant unge sjåførar.
Filmen er laga for å kunna flytta opplevinga du får på Trafoen ut til skuleklassar og andre som ikkje har moglegheit for å komma til Trafoen i Kristiansand.
– Trafoen har brukt 360-filmar heilt sidan oppstarten i 2005. Det har vore viktig for oss å halda oppe god kvalitet og ta i bruk ny teknologi utan å gå bort frå det opphavlege konseptet. Me har derfor laget nye filmar fleire gonger dei siste åra.
Trafoen 20 år i 2025
– Denne prisen viser at me er innovative og at det er høg kvalitet i dei filmane me bruker, seier ein tydeleg stolt Trafo-leiar.
I mars fyller Trafoen 20 år, og gjennom åra har fleire tusen vore innom for å bli undervist om eiga åtferd i trafikken.
Sjå eit utdrag frå VR-filmen her
Du kan bruka piltastane på tastaturet for å flytta deg vertikalt og horisontalt i biletet.
Om Trafoen
Trafoprosjektet starta som eit trafikktryggleiksprosjekt i Kristiansand, og opna 17. mars 2005. Det var planlagd å halda på i tre år, til 2007, men vart då gjort til eit permanent tiltak. Det er no Agder fylkeskommune som finansierer og eig tiltaket.
Initiativtakarar til prosjektet var fire ungdommar som mista fleire venner i trafikkulykker tidleg på totusentalet. Då dei opplevde å mista fire venner i ei tragisk bilulykke i oktober 2002 vart ein idé vorte med barn, og arbeidet starta mot det som i dag er Trafoen.
Målet til initiativtakarane var å forhindra at andre unge skulle oppleva det same som dei sjølv hadde gjort. Dei ville at andre skulle få kjenna litt på det dei sjølv opplevde, utan å måtta gjera det "på ordentleg". Dei ønskte med andre ord å gi unge menneske ein tankevekkjar, men dette måtte skje utan nokon bruk av peikefinger.
Du kan lesa meir om Trafoen her