Små snømengder i fjellet våren 2025
Runar Gautestad
Den vinterstengde vegen mellom Setesdal og Sirdal har blitt ei populær rute mellom aust og vest, og mange ser fram til opninga i mai kvart år.
– Dette har vore ein vinter med lite snø i fjellet. Derfor opnar vegen som planlagd onsdag 21. mai, seier byggjeleiar Runar Gautestad i Agder fylkeskommune. Han har ansvaret for vegvedlikehald i Setesdal.
På grunn av vernereglane for villreinstammen skal vegen vera stengd kvar vinter frå og med 1. november til og med 20. mai.
Små snømengder i år
– 12. mai er første dag vi har lov til å brøyta i verneområdet for villreinstammen i Setesdal vesthei. Fram til den datoen skal det ikkje arbeides med brøyting av vegen av omsyn til villreinen. Med så lite snø som det har vore i år, har det ikkje vore noko problem å rekka å opna vegen 21. mai. Dette er den første datoen vi har lov til å opna vegen, seier byggjeleiar Per Magne Hindersland. Han har ansvaret for vegane i Sirdal.
Hindersland har allereie opna Lysevegen mellom Sirdal og Lysebotn i Rogaland. Denne vegen vart opna 1. mai.
Villreinstammen
Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene landskapsvernområde har som eit av hovudformålene å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa. Vidare står det i forskrifta at vegen Brokke-Suleskard skal vera stengd i tidsrommet frå og med 1. november til og med 20. mai. Det kan heller ikkje startast arbeid med å brøyta vegen før 12. mai der vegen kryssar trekksona for villrein Vardsvatn-Kvislevassknuten.
Forskrift om vern av Setesdal vesthei