Agder fylkeskommune fornyar avtale om gratis energirådgiving til alle egder gjennom Energiportalen.no

Energiportalen.no er eit gratis tilbod for å bli meir klimavennleg, og samtidig spare pengar.

Illustrasjonsfoto av energirådgivning, To mennesker står ved PC. Bilde. - Klikk for stort bildeAlle egder kan få gratis energirådgiving på energiportalen.no Energiportalen.no

Hovudutval for næring, kultur og miljø fornya 18.januar avtalen om energirådgiving på energiportalen.no med leverandør Simenergi AS.

På Energiportalen.no kan alle analysera eigen bustad og finna ut kvar energi- og miljøvennleg han er. Målsetjinga med avtalen er å fremje kunnskap og bevisstgjere innbyggjarane på Agder om eige energibruk og gi råd som reduserer energibruken. Den nettbaserte løysinga til energiportalen har vist seg å vere ein god måte å kommunisere energiforbruk og energitiltak på. Tilbodet er finansiert av Agder fylkeskommune og skal leverast i samarbeid med kommunane i fylket.

–Me er glade for å kunna stimulera til energieffektivisering i folks bustader. Det er viktig for kvar enkelt familie og for dei totale utsleppa, seier Torunn Ostad, leiar for hovudutval for næring, kultur og miljø.

Link til Energiportalen.no vil bli lagt ut hos kommunane på Agder. Her kan alle søkje på adressa si for å berekna dagens energibruk og straumkostnad. Det blir gjort ved å leggje inn opplysningar om bustadstandard, oppvarming og informasjon om husstanden for ein best mogleg analyse.

Portalen gir deg informasjon om kva energibesparende tiltak som er mest effektive for bustaden din. 

Nytt av året er at lokale utøvande meistrar er lista og anbefalte på Energiportalen.no. Det gjer det enklare å gjennomføra økonomiske klimatiltak, som samtidig støtter opp om lokalt næringsliv.