Utsleppa på Agder held seg stabile

Klimautsleppa berre gjekk ned i tre av Noregs elleve fylke frå 2020 til 2021. Agder er eit av fylka med auka utslepp når vi inkluderer kvotepliktig sektor. Kvifor er det slik?

Miljødirektoratet publiserte nyleg dei endelege utsleppstala for 2021 for fylke og kommunar i Noreg. Agder har hatt ein utsleppsauke på 0,4 % prosent frå 2020 til 2021 viss vi inkluderer kvotepliktig sektor. Ser vi bort frå kvotepliktig sektor har vi hatt ein marginal nedgang i utsleppa frå 2020 til 2021, og utsleppa har halde seg på omtrent same nivå sidan 2019. På landsbasis viser tala at utsleppa gjekk ned i berre tre av dei elleve fylka. 

Det var ein auke i utslepp frå industri, anna mobil forbrenning, jordbruk, vegtrafikk og oppvarming frå 2020 til 2021. Den største auken på 17 % fekk vi i sektoren anna mobil forbrenning som i all hovudsak er bygg- og anleggsmaskiner. Det kan forklarast med auka aktivitet i denne bransjen i 2021, seier rådgjever i avdeling for berekraftig utvikling i Agder fylkeskommune,  Anne K. Peersen.

Figur som viser utviklinga av utsleppa på Agder (eks. kvotepliktig sektor) fordelt på sektorar frå 2013 til 2021. - Klikk for stort bildeFiguren viser utviklinga av utsleppa på Agder (eks. kvotepliktig sektor) fordelt på sektorar frå 2013 til 2021 Agderfk

Forklaring av tala

Pandemien prega 2020 og 2021 med reiserestriksjonar og heimekontor. Dette resulterte i mindre reiseverksemd som har ført til lågare utslepp. I sektoren vegtrafikk ser me ein reduksjon i utsleppa frå personbilane i Agder trass i aukande tal på personbilar på vegane.

Dette kjem hovudsakleg av at elektrifiseringsgrada i personbilar på vegane har auka frå 2020 til 2021 noko som gir mindre utslepp.

Totalt for heile sektoren vegtrafikk var det likevel ein auke i utslepp. Det kjem av ein auke av i talet på tunge køyretøy og varebilar. For tungtransport og varebilar er det framleis ein svært låg del nullutsleppskøyretøy, som kan forklara auka utslepp.

–Det er behov for betre verkemiddel for desse køyretøytypane. Det betyr at det må lønna seg å byta til meir berekraftig drivstoff, og det er behov for betre infrastruktur for hydrogen og elektrisitet, seier Peersen. 

Bilete av rådgjever i avdeling for berekraftig utvikling,  Anne Kristin Peersen. - Klikk for stort bildeAnne Kristin Peersen, rådgjever i avdeling for berekraftig utvikling, Agder fylkeskommune. Agderfk

Jordbruket hadde ein auke frå 2020 til 2021 på 4020 tonn CO2 ekv. Eit stigande tal husdyr har gitt denne auken, og det er særleg mange ammekyr som gir seg utslag i auka utslepp i 2021.  Vidare var året 2021 0,7 grader kaldare enn året før og gav dermed eit større behov for oppvarming og noko auka utslepp.

Den kraftige utsleppsauken knytt til sjøfart som me fekk i 2020 er i 2021 redusert. Forklaringa kan liggja i at fleire fartøy har hatt mindre liggjetid i hamner i Agder.

Når det gjeld nedgang i utsleppa frå sektoren energiforsyning, kjem det av hovudsakleg at avfallsforbrenningsanlegget til Returkraft var ute av drift i nesten eit halvt år pga. eksplosjon i anlegget i juni 2021. Nedgangen i sektorane avfall og avløp kjem hovudsakleg av redusert utslepp frå avfallsdeponianlegga i Agder. Forbod mot deponering av organisk avfall og krav om oppsamling av deponigass har ført til utsleppsreduksjonar.

Tre viktige sektorar for å nå klimamåla på Agder

Utslippsstatistikken frå Miljødirektoratet viser at Agder ligg på etterskot i forhold til målsetjinga om 45 % utsleppskutt innan 2030.

Skal Agder nå klimamåla sine er det tre viktige område som bør satsast på for å få ned dei direkte utsleppa;

  • elektrifisering av vegtransporten
  • nullutslepp på sjø (hydrogen) 
  • Karbonfangst- og lagring (CCs). 

Agder fylkeskommune jobbar aktivt innanfor alle desse sektorane i samarbeid med andre aktørar. Spesielt kan nemnast fylkeskommunens hydrogen satsing, og samarbeidet med eigarane i Returkraft for å få på plass karbonfangst og lagring (CCS). 

Kommentarar til endringar i utsleppsnivå i kommunane (2020-2021)

19 kommunar på Agder hadde ein auke i utsleppa frå 2020 til 2021. Det betyr at det berre var seks kommunar som hadde ein nedgang i utsleppa sine. Størst utsleppsreduksjon hadde Risør kommune og Flekkefjord kommune på hhv 8,9 % og 7,1 %. Det var hovudsakleg sektoren sjøfart som bidrog til utsleppsreduksjonen, der årsaka kan vera mindre liggja tid i hamnene.