Det er fylkeskommunen som behandlar søknader om fellingsløyve for sel langs norskekysten, registrerer talet på felte dyr og stoppar jakta når kvotane er berekna tatt.
Ein må også vende seg til den enkelte fylkeskommune for å få vite gjenverande kvote.
Du skal rapportere jakta di til fylkeskommunen - både om du har fått dyr eller ikkje. Du skal også rapportere om du ikkje nytta jaktløyvet.
Søknadsskjema og spørsmål vedrørande deltaking i jakt på kystsel, inkludert rapportering av skoten sel, må derfor sendast til den fylkeskommunen der jakta skal gå føre seg.
Fiskerimyndigheitene har det totale forvaltingsansvaret for kystsel og fastset årlege kvotar, jakttider for dei ulike artane og reglar for gjennomføring av jakta.
Det er krevjande å jakte på kystsel, og for å delta må ein ha avlagt skyteprøve for storviltjegerar.
I det sørlege Noreg vert det jakta mest på steinkobbe og havert. Lenger nord vert det også jakta på ringsel og grønlandssel.
Jakttider og kvoter
Kvart år fastsettast det kvoter for jakt på kystsel. Dette er regulert gjennom ei forskrift fastsett av Fiskeridirektoratet.
I Agder er det ikkje tildelt kvote for steinkobbe i 2023. Frå Lista i Farsund og vestover kan det jaktast etter havert innafor ei felles kvote på 60 sel for strekninga Lista – Stad.
Havert
For havert kan det i områda sør for Stad gjevast jaktløyve i perioden 1. februar – 30. september og i områda nord for Stad i perioden 2. januar – 15. september.
Grønnlandssel
For grønlandssel kan løyve berre gjevast i perioden 2. januar – 30. september.
Steinkobbe
For steinkobbe kan jaktløyve gjevast i perioden 2. januar – 30. april og 1. august – 30. september.
Skjema
Søknad om jakt på kystsel
Rapporteringsskjema
Kompensasjonsordning frå Havforskningsinstituttet
Ein del dyr har merke festa til baksveivene. Hvis du sender inn desse, utbetaler Havforskingsinstituttet 250,- kroner per merke. Når merka blir sendt saman med kjeven til selen, aukar utbetalinga til 500.- kroner.
Merka skal sendast til Havforskingsinstituttet i Tromsø:
Havforskningsinstituttet
v/ Lotta Lindblom
Postboks 6404
9294 Tromsø
Sel som er merka med eit plastmerke i den eine baksveiven er det særleg viktig å få aldersdata frå. I slike tilfelle kan metoden for aldersbestemming bli kontrollert, fordi vi veit den nøyaktige alderen på disse individa (selen blei merka like etter fødsel).
Det må fyllast ut eit eget skjema om du skal sende inn slike merker
Fangstskjema (PDF, 294 kB)
Arter | Havforskningsinstituttet