Julie Iversen Solheim, biblioteksjef i Valle

Foto av kvinne - Klikk for stort bildeJulie Iversen Solheim Victor Kinny

Namn
Julie Iversen Solheim

Arbeidstittel
Biblioteksjef 

Kan du fortelje litt om bakgrunnen din og kvifor du ønskte å bli biblioteksjef i Valle?
Til sommaren i fjor vart eg ferdig med bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap ved OsloMet. Etter tre år i Oslo var eg veldig klar for å bu ein heilt annan stad, og eg lengta etter den same kjensla av ro som eg hadde under praksisopphaldet mitt ved Longyearbyen folkebibliotek. Då stillinga i Valle dukka opp, kjende eg ganske raskt at dette kunne vera rett for meg. Det var utruleg skummelt å søkja på ei biblioteksjefsstilling utan bibliotekfagleg jobberfaring, men desto meir har det betydd for meg å få jobben. 

Kva meiner du er biblioteket si viktigaste rolle?
For meg er biblioteket først og fremst ein open og trygg møteplass for alle. Det skal vere lett å kome inn – anten ein vil låna bøker, finna informasjon, vere sosial, eller berre ha ein stad å vere. Samstundes har biblioteket ei viktig rolle i å fremje leselyst, kunnskap og deltaking, uansett alder og bakgrunn. Eit godt bibliotek er både roleg og levande på same tid.  

Har du nokre idear eller planar for kva som skal prioriterast framover?
No har eg jobba her i fire månader, og mykje av tida har gått til å verta godt kjend – med lokalsamfunnet, biblioteket og dei som brukar det. Samstundes har det skjedd mykje nytt, og biblioteket er i meir rørsle enn før. For meg har det vore viktig å lytta og prøva meg fram i takt med lokalsamfunnet, heller enn å endra alt på ein gong. Eg ønskjer at biblioteket skal vere ein levande og tilgjengeleg stad, med rom for både leselyst, møte mellom folk og små og store opplevingar i kvardagen. Ikkje alt treng å vere stort for å vere viktig. 

Skjult perle frå staden du jobbar/bur 
Eg er framleis på oppdagingsferd, men noko av det eg allereie set stor pris på er naturen og roen rundt Valle. Det å kunne ta ein liten pause og kjenne på stilla er ein kvalitet som ikkje er så skjult, men som kanskje blir endå meir verdifull jo lengre ein bur her. Nettopp denne roen finn ein òg inne på biblioteket. Den skjulte perla her er Paal Helge Haugen-rommet – eit rom tileigna forfattaren, med bøker, bilete og originalverk, lenestolar og moglegheit til å lukka døra, nyta roa og sjå ut mot det mektige Nomelandsfjellet.   

Kva tyder bøker og lesing for deg personleg? Kva les du no?
Bøker og lesing har vore ein del av livet mitt så lenge eg kan hugsa. For meg handlar det ikkje berre om historier, men om å få ta del i andre menneske si fantasi og måtar å sjå verda på. Eg synest det er fascinerande kor mange ulike verder ein kan få besøkje gjennom bøker – anten dei er tett knytte til røyndomen, eller tek ein med til heilt andre stadar.
Eg les ofte fleire bøker om gongen, alt etter humør og format. Akkurat no høyrer eg Harry Potter and the Prisoner of Azkaban på ljodbok (lese av Stephen Fry, sjølvsagt). På Kindle les eg The Wicked King, bok to i The Folk of the Air-serien av Holly Black. I BookBites les eg Agnes Ravatn si nyaste roman, Doggerland, og så vart eg akkurat ferdig med ungdomsboka Innbytterpuls av Sverre Henmo som eg lånte på biblioteket
 

Artikkelliste

Viser 11-20 av 40 artikler, side 2 av 4