Kulturhistorisk sommertips: Landskappleiken i Setesdal

Opplev folkemusikktradisjon og levande historie på Hovden 24.–28. juni. Det er tid for Landskappleiken.

En bunadskledd mann sitter på en scene og spiller fele. Fotografi.  - Klikk for stort bildeFelespel er eit sentralt element i folkemusikktradisjonen frå Setesdal. Knut Utler en mann og en dame danser i bunader fra Setesdal. Fotografi.  - Klikk for stort bildeDans av Setesdalsgangar. Knut Utler

For mange folkemusikarar og -dansarar er Landskappleiken årets store høgdepunkt. Dette er folkemusikken sitt NM. I år er Agder så heldige å få vere vertskap. Det blir konkurransar, danseframsyningar, konsertar, opning av ARV – UNESCO-utstillinga laga av Agder fylkeskommune og Norges Husflidslag – og mykje, mykje meir. Dette blir fire dagar dedikerte til den reint rike, levande historia vår.

Landskappleiken blir organisert av FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og folkedans, i samarbeid med Setesdal Spelemannslag. Dette er eit stemne med lange tradisjonar, og den første landskappleiken for heile landet blei arrangert i 1923. Men det har vore kappleikar med folkemusikk endå lengre tilbake, som på Ål i Hallingdal på 1800-talet og i 1888 i Bø i Telemark. Det er visse tradisjonelle innslag som er med kvart år, som kappleik i song, spel og dans.