Regionen Agder var godt representert i møte med Kulturdirektoratet.
Gro-Anita Mykjåland
Korleis kan regionen Agder og staten sammarbeide om arbeidet med vern om folkemusikktradisjonen i Setesdal samt styrke Agders immaterielle kulturarv? Dette vart diskutert på møte med Kulturdiretoratet 18. mars i Oslo. Tilstades i møtet var representantar frå Agder fylkeskommune, Aust-Agder museum og arkiv (AAma) og Setesdal regionråd.
Teksten under er henta frå Bykle kommune si nettside, ved Ole Birger Lien.
Onsdag i denne veka var Setesdal regionråd på strategimøte i Kulturdirektoratet der Unesco-status og satsing i Setesdal stod på programmet. Frå direktoratet kom det lovord om arbeidet som blir gjort i Setesdal, og frå ordførarane vart det streka under at prosjektet i dag er sårbart, og at fast finansiering er avgjerande.
I møtet presenterte ordførarane ei heil rekke konkrete døme på korleis måla i strategien alt samsvarar med måten Setesdal arbeider med friviljugheit, rekruttering og kulturarv gjennom heile oppvekstløpet.
– Eit døme til etterfylgjing, kom det frå Kulturdirektoratet, som gav tydeleg ros til regionen. Direktoratet peika også på at modellen har potensial for internasjonal interesse – som eit godt eksempel på praktisk, lokalt forankra arbeid med immateriell kulturarv.
Må ha fast finansiering
Ordførarane var klåre på at sjølv om det går føre seg mykje godt Unesco-arbeid, er prosjektet og kulturarven sårbar. Dei lyfta behovet for fast finansiering som del av strategien både for å styrke frivilug innsats og rekruttering. Det vart streka under at ein ynskjer at Setesdal skal bli ein samarbeidsparnar og eksempelregion i implementeringa av strategien for immateriell kulturarv - og ein ser fram til vidare arbeid med å byggje eit stabilt grunnlag for å sikre og styrke kulturarven for framtida.
Bykle kommune sin nettside