Opplev den levande kulturarven i Setesdal.
I 2019 vart folkemusikk og dans i Setesdal innlemma i UNESCOs liste for immateriell kulturarv. Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap overført mellom folk.
Utøving på hardingfele, munnharpe, gangardans, stev og stevjing er på UNESCOS liste, og i konsertframsyninga Setesdalsarven blir elevane kjende med alle desse elementa. Profilerte spelemenn, kvedarar og dansarar frå Setesdal er med på turneen og gir eit innblikk i musikk- og dansetradisjonane frå den rike folkemusikalske kulturarven vår.
Les mer om DKS turneen her