29 år etter «Surt liv på det blide Sørland» - Korleis står det til i Agder no?

Avisa Fædrelandsvennen skriv i dag om status for levekårsrapporten 29 år etter - på bakgrunn av tal innhenta av Agder fylkeskommune. Resultata viser at landsdelen fortsett har store utfordringar. – Vi må sjå dette i augo, og handle saman, seier folkehelsedirektør Vegard Nilsen. 

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Fylkesdirektør for folkehelse, Vegard Nilsen. Bilde tatt ute foran løvtrær. - Klikk for stort bildeFylkesdirektør for folkehelse, Vegard Nilsen Agder fylkeskommune, Erling Slyngstad

 I 1993 sette rapporten «Surt liv på det blide Sørland» ei støkk i egdene med si dokumentasjon av levekårsutfordringane i landsdelen. Rapporten har fått status som referansepunkt for utviklinga av levekåra på Agder.  

 

No har Agder fylkeskommune, på oppmoding frå KS Agder, gjort ei oppdatering av status per 2022. Arbeidet er gjort med noko medverknad frå NAV Agder og samtale med Helge Røed.  

Presentasjon med alle statistikker (PDF, 2 MB)

– Vi har henta inn data frå Statistisk Sentralbyrå, Nav og Folkehelseinstituttet, og prøvd så godt det lar seg gjere å samstille nyaste data på dei same områda som 93- rapporten tok opp, seier Oddmund Frøystein, rådgjevar i analyseavdelinga.  

Kva viser tala?  

Dei nye tala viser at Agder fortsett skårer dårleg på ein del områder som for 29 år sidan. Til tross for god auke i folketalet, har Agder store utfordringar. Spesielt trygdestatistikken saman med strukturdata for Agder viser dette.  

– Vi veit etter kvart mykje om korleis. Men for å kunne kome djupare i forståinga av årsakssamanhengar, kan det være naudsynt å gå bakom statistikken, i analysar av kvifor. Dette kan hjelpe politisk og administrativ leiing i Agder til å kanalisere rett ressursar til tiltak for å bedra statistikken på lang sikt. Her er det mykje å ta tak i for forskingsmiljøa om dei vil, seier Frøystein. 

– Det er 29 år sidan Helge Røed gjorde sin undersøking, og det er lite betring å spore. No må vi alle bretta opp ermane, avsluttar Vegard Nilsen.    

Utvalde funn:  

  • Dødelegheita ligg jamt over litt høgare i Agder enn landsgjennomsnittet, og mest i gruppa med grunnskule som høgaste utdanning 
  • Agder har høgst andel mottakarar av ulike Nav-ytingar i landet (uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, arbeidsløysetrygd, einsleg forsørgjer-tillegg og individstønad)  
  • Agder har høgst andel uføre i landet 
  • Agder har høgst andel brukarar av roande midlar, smertestillande og sovemedisinar i landet.  
  • Agder har høgst andel sjuke fråvær med over åtte vekers lengde i landet 
  • Andel kvinner som jobbar 80 prosent eller meir har auka, men Agder ligg likevel klart under landsgjennomsnittet.