70 kvinner tok plass for å sikra at kvinnestemma blir høyrd

Kvinnekonferansen Ta plass vart torsdag 12.januar arrangert på Tvedestrand vidaregåande skule.

Konferansesalen under Ta plass konferansen. Bilde - Klikk for stort bildeFra konferansen Ta plass 18.januar. Agderfk

Korleis skal kvinnestemma bli endå betre høyrt og korleis kan kvinner ta større del i det store behovet for arbeidskraft etableringane i Agder vil trenga i tida framover?

Det var tema for konferansen Ta plass ved Tvedestrand vidaregåande skule som vart arrangert av Østre Agder interkommunale politiske råd, NAV og Agder fylkeskommune i samarbeid.

Full sal og relevante tema

For fullsett sal fekk deltakarane høyra om tema som kvinnehelse, arbeidsliv, korleis komma seg ut av fattigdom og gründerskap.

Konferansen baud på spennande innleiarar med mykje på hjartet. I tillegg til ein panelsamtale med filmskapar og forfattar, Kaisa Hansen Suckow, HR-ansvarleg i Morrow Batteries, Elisabeth Meidel, folkehelserådgivar i Agder fylkeskommune og stipendiat ved UiA, Marianne Gjellestad og assisterande direktør hos Statsforvaltaren i Agder,  Ingunn Lund.

-Me har framleis mange utfordringar for å sikra at ulike stemmer blir høyrt, gjer seg gjeldande og tek sin naturlege plass. Dette arrangementet håpar eg bidreg til det. Når framtidas Agder blir planlagt må det spegla heile Agder og deira meiningar, helsa Gro Bråten, opposisjonsleiar i fylkestinget.