Gjekk du glipp av medaljedryss til Agder?

 Då Noregsmeisterskap i yrkesfag, Yrkes-NM, nyleg vart halden i Kristiansand, tok Agder-ungdom til saman ni medaljar.  

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Vi trenger fagarbeidarar

Det er berre å gratulere alle som tok del i Yrkes-NM og ekstra stas med dei frå Agder som tok medalje. Det seier Arne Thomassen som er fylkesordførar i Agder.  

Det synar at den som arbeider hardt og brenn for noko, kan nå langt. Så treng vi og at heilt vanleg ungdom vel yrkesfagutdanning, fordi regionen vår treng fagfolk. Det kjem mange spennande satsingar som batterifabrikk og havvind. Dette vil skape tusenvis av arbeidsplassar, og vi må sørge for å ha utdanna menneske til desse jobbane. håper eg at dei mange ungdommane som var innom Yrkes-NM og utdanningsmessa, fekk ei innføring i mange av dei moglegheitene som ligg i det å velje yrkesfag, seier ein stolt fylkesordførar.  

Godt gjennomført 

Å vise fram 19 yrkesfag gjennom NM-tevlingar har fungert bra. Difor inviterte vi elevar frå 9. og 10. klasse frå alle kommunane på Agder. I løpet av 2 og ein halv dag var tusenvis av ungdom innom Sørlandshallen. Også mange elevar frå dei vidaregåande skulane tok turen innom. Det fortel Arly Hauge, fylkesdirektør for utdanning.  

 I tillegg til å s tevlingane hadde vi ei utdanningsmesse som var ei rekke stand med informasjon, demonstrasjonar, underhaldning og prøvestasjonar der ungdom kunne lære meir om og prøve seg innanfor alle studieretningane.  Her kunne ungdom snakke med andre ungdom, med lærarar frå ulike fag og folk frå opplæringskontorane om dei ulike studieretningane. Forklara Arly Hauge  

 Det var eit stort løft for fylkeskommunen. Det fungerte så bra på grunn av flott innsats frå dei som arbeidar ved avdeling for fag- og yrkesopplæring og eit godt samarbeid med WorldskillNorway, som står bak Yrkes-NM. Då er det ekstra stas å toppe det heile med mange medaljar i Yrkes-NM til våre flinke ungdommar. Eg vil gjerne gratulere alle deltakarane, avsluttar Arly Hauge.  

Desse frå Agder vann medalje

Betongfaget

Ole Håland tok gull

Bilfaget, lette kjøretøy

Sindre Løland, tok gull

Bilfaget, tunge kjøretøy

Sondre Lindkvist Klungland, tok gull

Andreas Jørgensen, tok sølv

Bilskadefaget

Per Magne Svardal, tok gull

Yrkessjåførfaget, godstransport

Emil Heddeland, tok gull

Barne- og ungdomsarbeiderfaget (lag)

Karoline Tollefsen og Martin Bårdsen Aas tok sølv.

Tømrerfaget

Adrian Emil Landsnes, tok bronse

Vi gratulerer alle med medalje!