Viltband er viktig å ha i bilen dersom ulykka er ute.
Agderfk
I veke 45 (7. - 11. november) vil Agder fylkeskommune og kommunane i Agder, ha eit spesielt fokus på viltpåkøyrslar. Målet er å få ut informasjon om kva den enkelte kan gjere for å redusere risikoen for viltpåkøyrslar og kva du skal gjere viss uhellet skjer.
– Kort fortalt vil vi, ei rekke stader i kvar kommune, der innbyggjarane er innom med bil, dele ut såkalla viltband. Dette er eit band som bør vere fast inventar i alle bilar. Det blir brukt ved ein viltpåkøyrsel til å merke av staden der påkøyrselen skjedde, slik at staden blir enklare å finna igjen for dei som har ansvar for oppfølging etter ei viltulykke, seier Katrine Skajaa Gunnarsli, rådgivar i avdeling for berekraftig utvikling i Agder fylkeskommune.
På viltbandet er det tydeleg beskrive kva ein skal gjera i ein slik situasjon. Her kan ein også finne enkle nyttige fakta om åtferda til hjortevilt og kva ein kan gjera for å redusera risiko for påkøyrslar.
– Agder fylkeskommune og Agder-kommunane håpar vi med å løfta dette temaet kan bidra til færre viltpåkøyrslar og at egdene får god informasjon om kva ein skal gjera dersom uhellet er ute, seier Gunnarsli.
Kvar kan du få tak i viltbandet?
Viltbandet kan du finne på servicetorga i alle kommunane i Agder og i Agder fylkeskommunes lokale i Kristiansand og Arendal. I tillegg har ei rekke butikkar, bensinstasjonar og bilforhandlarar viltbanda for utdeling.
Oversikt over stader ein kan få tak i viltband (XLSX, 25 kB)
Vil du vita meir om fallviltarbeidet i kommunen din ta gjerne kontakt med viltansvarleg i kommunen.