Historisk høge tal lærekontraktar og Agder på topp

Utdaningsdirektoratet har i dag offentleg gjort tal som viser at Agder, saman med Rogaland ligg på topp i talet inngått lærekontraktar i 2022. I perioden oktober 2021 til og med september 2022 blei det på landsbasis inngått 24 900 nye lærekontraktar. Det er 400 fleire enn året før. Meir enn 8 av 10 søkarar starta i lære i bedrift.

– Det er alltid fint å få stadfesta at langsiktig og grundig arbeid med formidling av lærekontraktar, visar seg i tala. Nå må vi berre fortsette saman med dei gode samarbeidets-partnarane i privat og offentleg sektor, opplæringsbedrift og ikkje minst dei vidaregåande skulane. Det seier Morten Torkelsen leiar av fag- og yrkesopplæring i Agder fylkeskommune.

I Agder fekk omkring 85 prosent av søkarane ein lærekontrakt. Det er det same som Rogaland og best i landet. Det er også ei auke frå i fjor. 10 av 11 fylkeskommunar hadde vekst i talet lærekontraktar.

Det er særleg privat sektor som står for auka. Hovuddelen av læreplassane finn vi i privat sektor. 76 prosent av alle nye lærlingar har læreplass i privat sektor, mens 19 prosent har starta i lære i kommunal og 6 prosent i statleg sektor.

Trass i nedgangen i 2019–20 har talet på nye lærekontraktar auka dei siste par åra. No er dei historisk høge. 24 900 nye lærlingar starta opplæringa i 2021–22. Det er 400 fleire enn i 2020–21, noko som svarar til ein auke på nesten 2 prosent.

Trass dei høge tala er det stadig mange unge utan læreplass. 84 prosent av søkarane starta opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat i løpet av 2022. Det betyr samtidig at 16 prosent av søkarane ikkje fekk læreplass i bedrift før utgangen av året. Det kan vere mange grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Årsaka kan vera at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar (Utdanningsdirektoratet 2019).

Det er forskjellar mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor stor del av søkarane som får lærekontrakt. På landsbasis er delen størst innan bygg- og anleggsteknikk, der 87 prosent av søkarane fekk lærekontrakt. Til samanlikning var det 71 prosent av søkarane til helse- og oppvekstfag som fekk lærekontrakt.

Fleire tal og mer informasjon kan du  lese på siden til Udir.