Kongeleg besøk – vil oppleve UNESCOs kulturarv i Setesdal «live»

Onsdag 29. mars kjem kronprinsparet til Bykle som del av ein tur i samband med at både Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit rundar 50 år i år. 

I Bykle skal dei kongelege gjestene på Unesco-konsert i Bykle gamle kyrkje. Konserten er for inviterte gjester, men Bykle kommune ynskjer å skipe til ein folkefest for alle og overfører lyden frå konserten til uteområdet.

Unesco-konserten 29. mars i Bykle kyrkje, startar kl. 19

– Der kan alle som vil det vere med og sjå kronprinsparet kome, høyre konserten og endåtil sjå dei kongelege vel av garde etterpå, seier Bykle-ordførar Jan Dagfinn Dalen.

Anerkjenn den viktige immaterielle kulturarven

– Dei kongelege har hatt ynskje om å få oppleve den unike immaterielle kulturarven i Setesdal; folkemusikk og dans. Den anerkjenninga det er å komme på kulturarvlista er utruleg, men no må sentrale myndigheiter fylgje dette opp med faste midlar på statsbudsjettet.

Det hastar viss kulturarven skal bli teken vare på og vidareførast til nye generasjonar. Kommunane i Setesdal og fylkeskommunen har jobba med vern og ikkje minst vidareføring av arven i lang tid, men skal vi lukkast treng me økonomisk hjelp, slik at vi kan bygge kompetanse regionalt og nasjonalt. Det betyr pengar på statsbudsjettet og ei anerkjenning av immateriell kulturarv på linje med materiell kulturarv. Difor er vi svært takksame for at kronprinsparet visar si interesse for arven og kjem nettopp for å oppleve denne immaterielle kulturarven i Setesdal, seier Jan Dagfinn Dalen.

Levande arv

I Bykle gamle kyrkje skal det handle om den Unescolista folkemusikktradisjonen denne onsdagen. Med utøvarar som Bykle sin eigen Vetle Tveiten Hoslemo, og mellom andre Kirsten Bråten Berg, Sigrid Jore og Sigurd Brokke i sving, skal kronprinsparet få ein solid smakebit av folkemusikken her i dalen. Det er Annbjørg Lien som er førespurt om å kurere konserten. Lien er prosjektleiar for Setesdalsfolk, eit fylkeskommunalt prosjekt som skal verne om UNESCO elementet i Setesdal, då denne tradisjonen er utrydningstrua. Rekrutteringsarbeid er derfor sentralt. I tillegg å forankre delar av ansvaret om vern i det offentlege, då frivilligheit gjennom tida har bore denne arven i hovudsak aleine. Folkemusikk og dans frå Setesdal er vurdert som så unik og sårbar at den har fått plass i Unesco sine lister over immateriell kulturarv, men ei slik listing er også ei medalje til heile folkemusikknorge.

Om den unike immaterielle kulturarven i Setesdal​​​​​​​