Millionstøtte frå EUs Erasmus+-program til vidaregåande skular og opplæringskontor i Agder

Midla skal brukast til å sende lærlingar, elevar og tilsette ut i Europa for å arbeide i bedrift, få opplæring, kurs, delta på jobbskygging eller hospitering.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Foto av elevene samlet på tur i Berlin. - Klikk for stort bildeElever fra Kristiansand Katedralskole Gimle vgs og Arendal vgs på skoletur til Berlin april 22. Fra Arendal vgs: Mansur Dubajev og Sigurd Øyrås Einarsen. Fra KKG: Christine Enger Alnes, Thea Lunde Ugland, Stine Berentine Løvdal, Julie Rebeca Aabel, Kristine Egeland, Katinka Bøgwald-Storsveen, og lærer Åse Storberget Kristiansand Katedralskole Gimle

   

 

Agder fylkeskommune får 5 millionar kroner i EU-middel (Erasmus+-programmet) til internasjonale prosjekt for skular og opplæringskontor i Agder. Midla skal brukast til å sende lærlingar, elevar og tilsette ut i Europa for å arbeida i bedrift, få opplæring, kurs, delta på jobbskygging eller hospitering. 

Erasmus+ er EUs program for mellom anna skule og fag- og yrkesopplæring, og er det største utdanningsprogrammet i verda. Det dekker heile utdanningsløpet og bidrar til auka kvalitet i norsk utdanning. 

Agder fylkeskommune er tilkjent til saman 500 977 Euro i Erasmus+ midlar for fag- og yrkesopplæring og skule for 2022-2023.

Stor betydning for Agder som internasjonal region

-Det er utruleg viktig at elevar og lærlingar i Agder får moglegheit til å utveksla erfaringar og få kunnskap frå verda rundt oss. Det gir minne og erfaringar for livet. Men det er òg viktig for regionen som må henta inn kunnskap frå Europa for å møta utfordringane i Regionplan 2030. Europeisk samarbeid har heller aldri vore viktigare enn i dag, seier fylkesordførar Arne Thomassen.

Agder har historisk vore ein internasjonal region, og har i dag eit veldig internasjonalt orientert næringsliv. Regionplan Agder 2030 har mål om å auke fokuset på internasjonalisering i opplæring på alle nivå. 

–Politikarane våre har vore tydelege på at dei synest det er viktig at vi satsar på internasjonalisering i Agder. Midla frå Erasmus+ er viktige fordi det gir skular og opplæringskontor moglegheiter til å senda ut elevar, lærlingar og tilsette som elles ville vera vanskeleg, seier internasjonal rådgivar og Erasmus+ koordinator i Agder fylkeskommune, Karen Helene Halvorsen.

–Samtidig det er viktig å påpeike at internasjonalisering heime på skulane er minst like viktig som Erasmus+. Alle kan ikkje reisa ut. Mange av skulane våre legger vekt på dette i skulekvardagen. Eit døme er KKG som 29.04.22 var vertskap for NM i fremmedspråk. Vi skal òg arbeida for å betra utnytta det språk- og kulturkompetansen som finst blant elevar og tilsette på dei vidaregåande skulane våre, påpeiker Halvorsen.

 

Logo Erasmus + - Klikk for stort bilde