Oppdatert statistikk på kommunenivå - med ferdige presentasjonar

Analyseavdelinga i Agder fylkeskommune har oppdatert kommunepresentasjonar for Agder med siste tilgjengelege tal. Presentasjonane er del av nettstaden Agdertall, som presenterer statistikk og fakta om Agder.

Bilde fra preentasjon av Bygland kommune - Klikk for stort bildeEksempel på lysbilete frå kommunepresentasjon - her Bygland kommune. Børje Michaelsen

Som del av dette innhaldet har analyseavdelinga laga eit sett med ferdige presentasjonar om Agder, og éin presentasjon for kvar enkelt kommune i Agder som viser statistikk frå denne kommunen, og korleis den ligg an samanlikna med Agder og landet generelt.

– Presentasjonane er ikkje meinte å gi eit fullstendig bilde av kommunane, men inneheld eit lite utval av statistikk som er vald ut med utgangspunkt i dei tre gjennomgåande perspektiva i Regionplan Agder 2030, seier rådgivar Børje Michaelsen i analyseavdelinga.

Perspektiva samsvarer med dei tre dimensjonane i FN's berekraftsmål. Presentasjonane blir publiserte som både PowerPoint og PDF, og kan nyttast fritt.

Avdeling for analyse

Etter samanslåinga mellom Aust-Agder, Vest-Agder og delar av Statens vegvesen i 2020, har Agder fylkeskommune etablert ei eiga avdeling for analyse. Denne avdelinga jobbar med å tilgjengeliggjøre statistikk for bruk i mange høve.

Døme på fagområde som avdelinga jobbar med er befolkning, areal, natur, klima, utdanning og arbeidsliv.

Kunnskapsportal

Avdelinga har mellom anna laga ein kunnskapsportal kor mykje statistikk er tilgjengeliggjort for eit breiare publikum.

Agdertall