Startar skulesamarbeid mellom Hamburg og Grimstad

Dahlske vidaregåande skule i Grimstad og Stadtteilschule Poppenbüttel i Hamburg startar hausten 2022 samarbeid om utveksling av elevar. Målet er at elevar frå heile Agder og Hamburg-regionen skal kunna utveksle for eit år.
 

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
God stemning på skulebesøk i Hamburg. - Klikk for stort bildeGod stemning på skulebesøk i Hamburg. Agder fylkeskommune

Skulane har inngått ei intensjonsavtale og den konkrete planlegginga av utvekslinga er i full gang. Prosjektet er inspirert av samarbeidet til Oslo-skulen med skular i Berlin, som gir elevar i heile Oslo sjansen til eit teljande utvekslingsår på vg2 ST. Elevane kan dermed fortsetje i same klasse og same skule etter endt utenlandsopphald.

 

Aubiko i Hamburg (foreining som administrerer utvekslingstilbod), den norsk-tyske Willy Brandt-stiftelsen, Agder fylkeskommune og skulemyndigheitene i Hamburg er òg med på samarbeidet. 

Starter i det små

Tanken bak prosjektet er at det skal starte i det små, ved at eit lite knippe elevar frå dei to skulane Stadtteilschule Poppenbüttel og Dahlske vidaregåande skuler skal på eit års utveksling til kvarandre frå hausten 2022 av.  Pga korona kan dette truleg bli utsett til hausten 2023.  

– Gjennom skuleåret 22-23 håper vi å få til studieturar til Hamburg og Stadtteilschule Poppenbüttel for elevar som lærer tysk frå Dahlske vidaregåande skule. Men også besøk av elevar frå den same skulen til Dahlske.  Dei første elevane skulle etter planen møte kvarandre i Grimstad våren 2022 for eit felles kompaktkurs saman med lærarane sine. Det blir spennande å sjå om dette lèt seg gjennomføre, seier rektor ved Dahlske vidaregåande skule, Gunhild Espeset.

Mål om større avtale

Kurset vert finansiert av den norske Willy Brandt stiftelsen gjennom Utanriksdepartementet. Det langsiktige målet er at elevar frå heile Agder skal kunne søke seg til Hamburg for eit år, og elevar frå heile Hamburg-regionen kan søke om eit år i Agder. Målet er å oppnå ei avtale mellom dei to regionane som kan forvaltast av dei to skulane Dahlske vidaregåande skule og Stadtteilschule Poppenbüttel.

– I november 2021 møttest alle samarbeidspartnarane i Hamburg for det første formelle møtet i samarbeidet. Det var eit vellukka møte der vi la gode planar for vegen vidare. Neste steg på vegen er at tilsette frå dei to skulane skal møtast i Grimstad i mai 2022 for vidare planlegging og rekruttering av elevar, seier rådgjevar for samskaping og internasjonalisering i Agder fylkeskommune, Karen Helene Halvorsen.