UNESCO foredrag: verdsarven som verdiskapar

– Velkommen til eit spennande foredrag 22. mars på Rysstad. UNESCO-foredraget vert arrangert for å informere om verdien av UNESCO status på kultur og verdsarven. Det seier Annbjørg Lien, prosjektleiar i Setesdalsfolk for oppfølging av UNESCO Setesdal.  

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kva kan vi lære av Telemark? 

– Vidare ønsker vi å få informasjon om hvordan NIA (Notodden Industriarv) har jobba med sin verdensarv siden de fikk UNESCO status. Vi vil også skape diskusjonar rundt ulike ordninger der materiell verdsarv får økonomisk støtte og strategiar fra nasjonalt hold, mens immateriell kulturarv ikkje får noko av dette. Er det likevel ein fellesnemnar som vi kan bruke i Setesdal? Dessutan er det viktig å kommunisere om UNESCO status i Norge, og i Agder/ Setesdal, seier Annbjørg Lien.  

Målgruppe 

– Vi meiner at både moglegheiter og problematikk rundt tema bør vere forankra i det politiske miljø, men tema bør også være av stor interesse for dei som arbeider i oppvekst sektoren, næringsliv, kultur og frivilligheita, forklarar Annbjørg Lien. 

– Det vert omvising på Sylvartun v/ Gunnar Stubseid og vi serverer mat som passar til høvet. Deltaking er gratis slik at alle har moglegheit til å delta, avsluttar Annbjørg Lien.

Program for dagen finn du her (PDF, 855 kB) (lenke til flyer)  

Påmelding innan 14. mars ved å sende e-post til: annbjorg.lien@agderfk.no

Desse skal tale under arrangementet:  
 

Halvor Sælebakke, leiar av verdsarvsenteret på NIA (Notodden Industriarv)

og formidlingsansvarleg for verdensarv. Han vil snakke om opplegg/erfaring av 

formidling på NIA, med vektlegging av formidling til born og unge bl.a gjennom 

ordninga Den Kulturelle Skulesekken. 

 
Kjell Christenson er verdsarvkoordinator i Vinje.

Han fortel om kva oppdemming av vatnet fekk for følgjer for gardane rundt Møsvatn, og kvifor denne historia er 

viktig å formidle som ein del av heilheita. 

 
Øystein Haugan fortel om lokal forankring, «vern gjennom bruk» 

og ulike finansieringsordningar for verdensarvprosjektet Industriarven Rjukan- 

Notodden. 


Hans Olav Stegarud, ny verdsarvkoordinator på Rjukan,

utfyller med kunnskap/erfaring frå sine tidlegare jobbar hjå Hardanger 

fartøyvernsenter, sysselmann på Svalbard som kulturvernforvaltar, samt som 

avdelingsdirektør ved Fetsund lenser.