Utforsker nye måtar å engasjere ungdom på

Agder fylkeskommune er ein av partnarane i eit europeisk samarbeidsprosjekt som skal utforske nye metodar for å i større grad involvera ungdom i samfunnet. 

Fleire ungdommar og politikarar saman. Foto. - Klikk for stort bildeUngdommar i prosjektet saman med fylkesordfører Arne Thomassen (H) og opposisjonsleiar Gro Bråten (AP). Anette Hagelund, Agder fk

Initiativet rundt demokratisk medverknad «saman med ungdom» blir prøvd ut i samarbeid med partnarar frå Frankrike, Hellas, Italia, Kypros og Nord-Makedonia. Prosjektet er finansiert direkte frå EU-kommisjonen i Brussel som eit Key Action 3 initiativ via Erasmus+ programmet. Formålet med programmet er å utvikle og påverke policy i EU og medlemslanda.   

Med prosjektet ønsker vi å finne metoder som vil gjere det lettare og meir spennande for ungdom å engasjera seg. Prosjektet tek sikte på at ungdom i større grad skal setje premissane for kva tema dei diskuterer med politikarane, og dei i større grad skal kunna velja uttrykksform. Det er ein tendens i Europa at ungdom engasjerer seg i mindre grad enn før, då spesielt utanfor dei store byane. Vi trur det er behov for metodar ungdommen kan relatere til.. Derfor har vi prøvd å involvera ungdom på deira eigne premissar, seier Karen Helene Halvorsen, rådgjever for samskaping og internasjonalisering i Agder fylkeskommune. 

Traff både ungdommar og politikarar

Agder fylkeskommune har samarbeida med ungdom i alderen 15-17 år frå Grimstad og Lillesand om to initiativ; Voice Up og Pinpointed.

Voice Up inneber at ungdommane formidlar noko som opptek dei i form av video. Gjennom workshop fekk ungdommane innføring i video som verkemiddel.

Ungdommanen fekk så ei veke på å laga ein film, utan nokre føringar om tema eller utforming. Dette resulterte i fem videoar med heilt ulike tema, alt frå psykisk helse til kor fint det er i Lillesand. Videoane ble presentert i formannskapsmøte i Lillesand.

Både ungdommane og politikarar synest dette var veldig spennande å diskutera ut frå tema presenterte via filmar, og mange politikarar ønskte meir av denne typen formidling frå ungdommen, seier Lars Holmer Hoven, rådgjever for samskaping og internasjonalisering i Agder fylkeskommune. 

I Pinpointed sender ungdommane kritiske notat direkte til politikarane. Her deltok ungdommane på ein workshop for å utarbeida tema dei ønskte å retta fokus på, før dei fekk ei veke på å senda e-post til fylkesordførar Arne Thomassen, ordførar Einar Holmer-Hoven og opposisjonsleiar Gro Bråten.

Ungdommane tok opp tema psykisk helse, fråversgrensa, kvifor byggjesaker blir utsett heile tida, ønske om å eta mat i timen og auka ungdomsmedverknad i nærmiljøet.

Måndag 25/10 møtte ungdommane Thomassen og Bråten i eit uformelt møte for å diskutera tema. Der fekk ungdommane fortalt korleis det er å vera ungdom no og kva dei er opptekne av, medan Thomassen og Bråten kunne forklara korleis politikken fungerer. Dette resulterte i gode diskusjonar, innspel og ikkje minst forståing. Ungdommane var veldig klare for å ytra deira meiningar og ønske, og var verkeleg engasjerte i diskusjonane som oppstod. Konklusjonen for kvelden vart også klar; ungdommane og politikarane kan læra av kvarandre.

Opposisjonsleiar Gro Bråten (AP),  fylkesordførar Arne Thomassen (H) lytter til ungdommane. Bilde. - Klikk for stort bildeOpposisjonsleiar Gro Bråten (AP), fylkesordførar Arne Thomassen (H) lytter til ungdommane Anette Haglund, Agder fk

Det har vorte utruleg gøy å sjå så mange engasjerte, reflektera og merksame ungdom. Dei har heile tida vist stor interesse og ser sjølv viktigheita med prosjektet. Dei ønskjer å delta vidare, og snart skal ungdom og politikarane møta andre ungdom og politikarar frå Italia for å utveksla erfaring frå Pinpointed. I tillegg skal me ha erfaringsutveksling om dei andre initiativa med reise til Italia og Nord-Makedonia. Dette er eit veldig spennande prosjekt som me har stor tru på, seier Halvorsen og Holmer Hoven.

Agder fylkeskommune har fått i oppgåve om å skriva den avsluttande rapporten, som samanfatter erfaringar og samlar forslag til utforming av policy.