Vekst i sysselsetjinga i Agder i 2022

Tal for 4. kvartal 2022 frå SSB viser ein auke i talet på sysselsette med bustad i Agder på 3 279 personar i alderen 15-74 år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Grimstad sentrum sett frå sjøen - Klikk for stort bildeGrimstad var ein av kommunane med størst vekst i sysselsetjinga i Agder i 2022. Adobe stock

Dette gir ein vekst på 2,1%, som er marginalt høgare enn landsgjennomsnittet (2%) og på linje med Rogaland.

Oslo (2,9%) og Viken (2,7%) hadde høgast vekst.  Dei aller fleste næringane opplevde vekst i sysselsetjinga i 2022. Størst prosentvis vekst var det innanfor informasjon og kommunikasjon og finans og forsikring, men desse næringane sysselset relativt få.

Størst vekst i helse

Størst netto vekst var det innanfor og helse- og sosialtenester, men også bygg og anlegg, overnatting og servering og industri (særleg maskinindustri og mineralproduktindustri) og teknisk tenesteyting hadde god vekst. 

Utviklinga varierer ein del på kommunenivå. Grimstad, Kristiansand, Birkenes, Bygland, Bykle og Kvinesdal hadde god vekst i sysselsette med bustad i kommunen. Berre 4 kommunar opplevde nedgang.  

Auka del sysselsette i Agder, men gapet til landsgjennomsnittet aukar.

Andelen sysselsette i alderen 20-66 år auka med 0,1% til 73,9%, medan andelen sysselsette i alderen 15-74 år auka med 0,4% til 65,5%. Dette var svakare vekst enn veksten i landet samla sett, som var på høvesvis 0,3% til 77,4% for 20-66 og 0,6% til 68,7% for 15-74. Det vil seia at gapet mellom Agder og landsgjennomsnittet auka i 2022 trass i relativt god sysselsetjingsvekst.

Det var også negativ utvikling for sysselsetjingsdelen blant kvinner for aldersgruppa 20-66 år. Når meir detaljert statistikk ligg føre vil ein kunna sjå om årsaka til dette kan liggja i om ein relativt stor del av flyktningane som vart busette i 2022 var innanfor denne gruppa. 

Definisjon sysselsette (SSB):

Sysselsette er definert som personar som utførte inntektsgivande arbeid av minst ein times varigheit i referanseveka, og dessutan personar som har eit slikt arbeid, men som var mellombels fråverande pga. sjukdom, ferie, lønt permisjon e.l.

Personar som er inne til første gongs militær- eller siviltjeneste blir rekna som sysselsette. Personar på sysselsetjingstiltak med lønn frå arbeidsgivar blir også klassifiserte som sysselsette. Dette følgjer tilrådingane frå den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO.