Vil gjere ukjend kulturskatt kjend og tilgjengeleg

Sjølv om Agder har rike tradisjonar innan folkemusikk, er den spennande og mangfaldige folkemusikken frå vestre del av Agder lite kjend. Den vokale folkemusikken vart gjort kjend i utgjevinga Folkesong i Vest-Agder skrive av Ragnhild Furholt, utgjeve i 2016 av Vest-Agder fylkeskommune, det fortel Anne Tone Hageland, og held fram:

No gjev vi ut ein slags oppfølgjar, med fokus på instrumentaltradisjonane på fele og hardingfele i same geografiske område. Feletradisjonane i den vestlege delen av Agder, tidlegare Vest-Agder fylke, er for mange lite kjend. Dei er òg lite dokumentert i skriftlege kjelder. Tradisjonane har levd ein ganske anonym tilværelse, og det verkar som om dei av ulike grunnar har gått under radaren i dei miljøa som er opptatt av folkemusikk. Ikkje minst difor er dette materialet svært spennande og interessant.

Heldigvis ligg det opptak i ulike folkemusikkarkiv. Av desse er Agder folkemusikkarkiv det viktigaste, arkivet som blei 25 år i 2023. Og heldigvis finst det òg nokre ildsjeler som i årevis har ivareteke kunnskap og formidla den vidare til andre. Ingen har arbeidd så systematisk og grundig med å transkribere instrumentalmusikk frå vest på Agder som Ånon Egeland. Ånon er folkemusikar, musikkforskar og skribent og ein utømmeleg kjelde for både slåttemateriale og vokalmusikk. Det er mange både i inn- og utland som har lært og latt seg inspirere av han.

Med utgjevinga Ein gammel ein a´ farses, Felespill vest på Agder, blir kulturskatten endå meir tilgjengeleg. Og forhåpentlegvis fører det til at våre rike og særeigne tradisjonar, blir teke meir i bruk - tradisjonar som òg i vår tid kan gi inspirasjon og opplevingar for både utøvarar og publikum.

Agder fylkeskommune har nytta ta:lik forlag til å gje ut boka, som òg inkluderer to CD-ar. Musikken kan òg høyrast på strøymetenester som Spotify.