Fv. 4224 Lysevegen blir opna for trafikk 16. mai

Fv. 4224 Lysevegen mellom Sirdal i Agder og Lysebotn i Rogaland blir opna for sesongen tysdag 16. mai kl. 12

Foto fra brøytingen av Lysevegen i 2020. Fred-Jonny Wikøren

– Torsdag formiddag var det om lag 2,5 km igjen av vegen å fresa/brøyta. Planen er å bruka måndagen til å reingjera vegbanen over fjellet og kaiområdet i Lysebotn, seier byggeleiar i Agder fylkeskommune Per Magne Hindersland.

Dermed kan trafikantane ta i bruk den populære vegen mellom Agder og Rogaland frå tysdag. Turistvegen er ein mykje brukt veg i sommarsesongen, men er altså stengt kvar vinter. No er vegen klar til bruk før 17. mai.

Open Lyseveg frå 16. mai til 30. november

Avtalen med verneområdestyret inneber at Lysevegen ikkje skal byrja å brøytast før tidlegast veka før påske. Vegen kan opnast for biltrafikk tidlegast 1. mai og skal vera stengt for biltrafikk innan 30. november kvart år.

1. mai er tidlegaste moglege opningsdato når forholda tillèt det. Det er ingen garanti for at vegen blir opna 1. mai, det kjem an på om det lèt seg gjera å opna vegen på grunn av snøforholda kvart enkelt år. I år har det vore relativt normale mengder snø, men enkelte parti har likevel vore utfordrande, seier Per Magne Hindersland. Siste stengingsdato er 30. november, men her er det heller ingen garanti for at ikkje vegen må stengjast tidlegare viss forholda tilseier det.

Fv. 450 Brokke-Suleskard opnar seinare i mai

På Brokke-Suleskardvegen mellom Sirdal og Setesdal er avtalen med verneområdestyret at ein først kan starta brøytinga i vernesona etter 12. mai, og tidlegast opne vegen 21. mai.

– På austsida av fjellet er det relativt store snømengder. Derfor må me komma tilbake til opningsdato seinare, seier Hindersland.