FV450 Brokke-Suleskardvegen vart stengt for vinteren 31. oktober kl. 12

Måndag 31. oktober kl. 12 vil FV450 Brokke-Suleskard bli stengt for sesongen. Grunna vern av villreinstammen skal vegen vere stengt kvar vinter frå 1. november og til og med 20. mai.

Villreinstammen

Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som eit av hovudformåla å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa. Vidare står det i forskrifta at vegen Brokke-Suleskard skal vere stengt i tidsrommet frå 1. november og til og med 20. mai.

Forskrifta om vern av Setesdal Vesthei  

Kontaktperson:

Runar Gautestad
Drift veg, Agder fylkeskommune
Mobil: +4791161817
E-post: Runar.Gautestad@agderfk.no