I møte fatta fylkesutvalet vedtak om å løyve éi krone per innbyggjar i Agder, totalt 319 850 kroner til årets TV-aksjon. Fylkeskommunen har ytt pengar til den årlege TV-aksjonen i ei årrekkje. I år blir denne nasjonale dugnaden arrangert for 50. gong. Årets TV-aksjon skal hjelpa barn råka av kreft og andre alvorlege sjukdommar. TV-aksjonen vil i år gå føre seg søndag 20. oktober.
Fylkesutvalet var einstemmig i si støtte til å innføre prosjektet med trafikksikkerheitsambassadørar som eit permanent tiltak i dei vidaregåande skulane. Trafikksikkerheitsprosjektet blei foreslått gjort permanent, etter at forsking viser at det verkar. Hensikta er å ha kontinuerleg fokus på trafikksikkerheit gjennom heile skuleløpet. Agder fylkeskommune har sidan 2016 jobba med førebyggjande trafikksikkerheitstiltak for elevar i vidaregåande skule og har derfor kome langt i dette tryggleiksarbeidet.
Fylkesutvalet handsama to saker om havvind. Eit høyringssvar om vindkraftverk Sørlige Nordsjø II, samt eit høyringssvar knytt til tildelings- og støttemodell for flytande havvind i Vestavind F og Vestavind B. I alle høve støtta dei forslag til innstilling frå fylkeskommunedirektøren.
Meir om desse og dei andre saka, med dei endelege vedtaka, kan lesast i sin heilskap her så snart protokollen er klar: https://einnsyn.no/kalender?f=29253b64-3387-48d0-acef-998be80e8aae
Opptak av møte ligg her: Nett-TV fra politiske møter - Agder fylkeskommune (agderfk.no)