Villrein i Agder

Noreg er det einaste landet i Europa som framleis har fjellområde med villrein. Dette forpliktar, og det er viktig å sikre ein slik naturverdi for framtida.

Store deler av arealet for to av dei nasjonale villreinområdane; Setesdal Ryfylke villreinområde og Setesdal Austhei villreinområde ligger i Agder.

Saman med Rogaland, Telemark og Vestland fylker, som òg har arealer innanfor dei to villreinområda, er det utarbeidd ein regional plan for ivaretaking av villreinens leveområder: (Heiplanen) (PDF, 11 MB). Planen var utarbeidd etter ei bestilling frå Miljøverndepartementet i 2007.

Planen var utarbeidd etter ei bestilling frå Miljøverndepartementet 2007, slik det òg var for dei andre nasjonale villreinområda.  Føremålet var å leggje til rette for ei langsiktig og heilskapleg forvaltning av fjellområde som er særskild viktige for villreinen si framtid i Noreg. Planane skulle fastsette ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for desse fjellområda inkludert influensområda. Planane har som mål å ta omsyn både til framtida for villreinen og samfunnsutviklinga i planområdet. Situasjonen for villreinen er ikkje blitt betre sidan planane vart vedteken, heller tvert imot.

Samarbeid på tvers av fylker

Villreinen kjenner ikkje våre administrative grenser, og dei fleste villreinområde går  på tvers av kommunar og fylke. Agder har tett samarbeid og dialog med andre fylke som har tilgrensande areal. I tillegg har vi tett samarbeid med Norsk Villreinsenter. Det er villreinsenteret som driftar heimesida www.villrein.no. Her det veldig godt tilrettelagt informasjon om villrein generelt i Noreg, i tillegg til arbeidet med dei regionale fjellplanane.

Fylka samarbeider òg om tilskotsordninga Levande og attraktive bygder og grender, eit satsingsområde i Heiplanen, forvalta av Rogaland fylkeskommune.

Kvalitet i fjellet?

Det er utarbeidd ein kvalitetsnorm for villreinen i Norge, som gir ny kunnskap om situasjonen for villrein i dei ti nasjonale villreinområda. Her er områda vurderte etter ein trafikklysmodell, der gul og grøn er sett på som godkjend tilstand, medan raud ikkje er godkjend. Vurderingane er gjort på bakgrunn av bestnadsforhold, lavbeite og leveområde og menneskeleg påverknad. Den nye kunnskapen viser at villreinen har store utfordringar i alle dei ti nasjonale villreinområda. Villreinområde Setesdal Ryfylke er kategorisert som raud; dårleg tilstand, mens Setesdal Austhei er kategorisert som gult; middels tilstand.

Stortingsmelding om villrein

Utviklinga har over lang tid gått i feil retning. Regjeringa har difor vedteke å lage ei stortingsmelding og tiltaksplanar for dei einskilde nasjonale villreinområda. Her vil regjeringa vurdere kva for grep som må takast for å berge villreinen. Det er skissert fem overordna politikkområde: Bestandsforvaltning, dyrehelse, arealforvaltning, naturrestaurering og ferdsel.