Jørn Hjørungnes, biblioteksjef i Vennesla

Fotografi av mann - Klikk for stort bildeJørn Hjørungnes Privat

 Navn 
Jørn Hjørungnes

Arbeidstad/tittel
Biblioteksjef i Vennesla

Bakgrunn (utdannelse, tidligare arbeidstad)
Bibliotekarutdanning frå HiO. Tidlegare har eg jobba som bibliotekar ved Høgskulen Stord/Haugesund, Universitetet i Agder, Kristiansand folkebibliotek og Ulstein bibliotek.

Kvifor er du bibliotekar?
Eg har likt bibliotek så lenge eg kan hugse. Eg føler meg heime i bibliotekuniverset.

Kva er bibliotekets viktigaste rolle?   
Då eg vaks opp, opplevde eg at biblioteket var viktigast som ein portal inn til ei parallell fantasiverd. I dag er biblioteket like viktig som ein inkluderande møteplass der alle føler seg velkomne.
 
Ditt beste bibliotekminne / ei god bibliotekhistorie
Sjølv er eg nok ein grå offentleg tenestemann som ikkje finn på så mange sprell. Eg hugsar nok best tida frå Høgskulen Stord/Haugesund, der sjefen min, den smått legendariske Halfdan Wiik, leverte gamle og nye skrøner frå bibliotekverda på løpande band.

Del ei skjult perle frå stedet der du bur/jobbar
Det er mange perler på Sørlandet, men ikkje så mange skjulte. Elveparken på Eg, kanskje? Om ein er heldig, kan ein observere kvitryggspett eller vintererle der; tett inn på den travle storbyen.

Kva leser du nå?
Venneslaboka av Arne Krogstad og Ulvene fra evighetens skog av Karl Ove Knausgaard.