NB! Engelsk tale.
I desember 2019 vart folkemusikk og dans i Setesdal (Bygland, Valle og Bykle kommune) innlemma i UNESCOs representative liste for immateriell kulturarv. Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap overført mellom folk. Det innskrevne elementet består av utøving på hardingfele, munnharpe, gangardans, stev og stevjing.
Agder fylkeskommune inviterte inn ei arbeidsgruppe beståande av representantar fra Setesdal Spelemannslag, fylkeskommunen, dei aktuelle kommunane, Setesdal IPR, Setesdalsmuseet og Setesdal folkehøgskule for å drøfte korleis statusen best burde følgast opp. Det vart konkludert med at det i første omgang var behov for eit forprosjekt for å avklare nærmare forpliktelsar, forventningar, oppgåver, mogelegheiter og behov knytta til UNESCO statusen.
Hovedutvalg for kultur, folkehelse og frivilligheit gjorde i sak PS 6/20 vedtak om oppstart av eit forprosjektet. Annbjørg Lien vart forespurt og dokumentet levert Agder fylkeskommune mai 2020
Den 3-årige prosjektstillinga Setesdalsfolk starta opp 1. januar 2021.
Formål og overordna mål for Setesdalsfolk er å verne om UNESCO elementet i Setesdal, då denne tradisjonen er utrydningstrua. Rekrutteringsarbeid er derfor sentralt, samt forankre delar av ansvaret om vern i det offentlege då frivillegheit gjennom tida har bore denne arven i hovedsak aleine. Gjennom eit godt samarbeid med relevante aktørar kan ein også styrke lokal identitet, eigenkraftsmobilisering og berekraft i øvre Setesdal.
Eit av måla i Regionplan Agder 2030 er "Verdiskaping knytta til kystkultur,kulturarv i indre bygder og trehusbyane har økt". Prosjektet Setesdalsfolk er ei viktig satsing i arbeidet med å oppnå dette målet. I det inngår oppfølging av UNESCOs listeføring av deler av den immaterielle setesdalskulturen som ein naturleg del. Men det omhandler også andre satsningsområder nevnt i regionplanen, som å utvikle modellar for samskaping mellom ulike aktørar innan immateriell kulturarv og å styrke samarbeidet med frivillig sektor om kulturminnevern.
- 3 årig prosjektstilling ved Annbjørg Lien, oppstart 1. januar 2021.
- Kontor på Setesdalsmuseet, Rysstad i Valle kommune.
- Omhandlar vern av folkemusikktradisjonen i Bygland, Valle og Bykle kommune i Setesdal
Det generelle arbeidet til Setesdalsfolk består i å styrke frivilligheit gjennom tett samarbeid med Setesdal Spelemannslag, halde ulike foredrag om UNESCO-arbeidet (kultur, næring, politisk), feleopplæring lokalt, seminar/ forskning nasjonalt (Universitetet i Agder, Musikkhøgskulen i Oslo, Ole Bull Akademiet på Voss), søknadsskriving om prosjektmidlar, munnharpesmikurs (utdøyande tradisjon i Setesdal), arrangere instruktørkurs, dansekurs for born og unge med mål om å styrke leikarringane i øvre Setesdal, deltaking i ulike nettverk som omhandlar immateriell kulturarv, samt jevnleg kommunikasjon og informasjon om arbeidet.
Setesdalsfolk på Facebook
Milepel:
- Våren 2022 vart det kjøpt inn små hardingfeler i ¾ størrelse for utlån frå Setesdal Spelemannslag til rekrutteringsarbeidet, støtta av Valle Sparebank, Dextra, Sparebanken Sør og Agder fylkeskommune.
- I 2023 vart klassesett med munnharper gjevne i gåve frå Setesdal Spelemannslag til alle skulane i Bygland, Valle og Bykle kommune. Harpene er smidd av dei lokale munnharpesmedane Folke Nesland, Bjarne Rysstad, Bjørgulv Straume og støtta av Gjensidigestiftelsen.
Bygging av små hardingfeler i feleverkstaden til Ole Gjerde
Ole Gjerde
Overlevering av klassesett med munnharper frå Setesdal Spelemannslag
Eivind Tanche Larsen Knutsen
Oppretting av ei ressursgruppe
I 2021 vart det oppretta ei ressursgruppe for Setesdalsfolk beståande av representantar frå sentrale delar av lokalsamfunnet:
- Valle kommune: Kommunedirektør Vidar Homme
- Valle kommune: Kulturleiar Torunn Charlotte Nyberg
- Bykle kommune. Kulturleiar Helga Jacobsen
- Bygland kommune: Kommunedirektør John Salve Sigridnes
- Setesdal Spelemannslag: Leiar Astri Rysstad
- UNESCO-søknad/ utøvarrepresentant: Gunnar Stubseid
- Aust-Agder museum og arkiv: Direktør Ellen Aslaksen
- Setesdal IPR: Dagleg leiar Rita Hansen
- Agder folkemusikkarkiv: Harald Knutsen
- Setesdalsfolk: Annbjørg Lien
- Agder fylkeskommune: Anne Tone Hageland (leiar)
Ressursgruppa har møter fire gonger i året.
Gorrlaus er eit opplæringsprosjekt i folkemusikk og -dans for barnehagane og skulane i Bygland, Valle og Bykle kommune, med mål om å lære elevane om eigen kultur, gjere dei stolte av eigen identitet og kulturarv; at den oppveksande generasjonen kan danse setesdalsgangar, dikte i stevform, kan stevtonar, og har kjennskap til hardingfele- og munnharpetradisjonen i Setesdal.
Det langsiktige målet er at Gorrlaus vert forankra i kommunane, og vert ein integrert del av undervisinga i barnehagane og grunnskulane (1-10 klasse), med eigen tverrfagleg lokal fagplan.
Gorrlaus har tidlegare vore basert på prosjektmidlar, eigd av Setesdal Spelemannslag med 20% driftressurs hjå Valle kommune ved leiar for kultur og fritid. Gjennom ein organiseringsprosess består no styringsgruppa for Gorrlaus av barnehagerepresentantar, rektorar, leiar for Setesdal Spelemannslag, Setesdalsfolk og leiar for kultur og fritid i Valle kommune (prosjektleiar).
Milepelar:
- Hausten 2022 vart Gorrlaus forankra i dei tre kommunane.
- Hausten 2022 vart opplæringsprosjekt utvida gjennom Den kulturelle skulesekken, gjennom Setesdalsfolk ved Vegar Vårdal, produsert av Anne Tone Hageland.
Sentralt arbeid vidare i Gorrlaus er å rekruttere fleire instruktørar, opplæring av lærarar, lage eigen lokal tverrfagleg fagplan med mål om at skulane sjølve tek over Gorrlaus frå skuleåret 24/ 25.
Dommelidei er Gorrlaus sitt tilbod for barnehagane og småskulen i øvre Setesdal. Det vart laga ei stevbok av Kirsten Bråten Berg (red.) i samarbeid med barneskulane Hylestad, Bykle og Bygland. Harald Knutsen i Agder folkemusikkarkiv gjorde opptak på skulane i opplæringsperioden og hjalp til med gamle opptak fra arkivet.
Berg seier dette om bakgrunnen for boka:
Fordi eg såg og høyrde at ungane ikkje lærte noko om lokale tradisjonar på songfronten. Mange lærarar er innflyttarar og kjenner ikkje tradisjonen. Andre har for stor respekt og redde for å gjere feil. Det blir viktig å gi lærarane opplæring. Her har me som kjelder ein stor jobb å gjere.
Milepelar:
- Klassesett med stevboka Dommelidei er gjeven i gåve frå Agder fylkeskommune til alle barnehagar og skular i dei tre kommunane.
- Lydopptaka frå Dommelidei er gjort tilgjengeleg på strøymetjenester via Grappa Musikkforlag, til bruk for bl.a. instruktørar og lærarar.
Konsertproduksjonen Dommelidei med utøvarene Kirsten Bråten Berg og Annbjørg Lien, har i regi av Agder fylkeskommune i fleire år besøkt alle barnehagane i tidlegare Vest Agder fylke. Dommelidei turnerer no jevnleg i barnehagane i øvre Setesdal, samt at barnehagetilsette og lærarar får opplæring i Dommelidei for å kunne oppretthalde aktivitet mellom konsertbesøka.
Grunna generelt lavt tilbod på folkemusikk i kulturskulane i øvre Setesdal, vart det hausten 2021 tilbode ein folkemusikkpedagog for eitt år i regi av Agder fylkeskommune. Setesdalsfolk og leiarane for kultur i Bygland, Valle og Bykle kommune har samarbeid om vidare mål om å få tilsett ein interkommunal kulturskulepedagog i folkemusikk.
Milepel:
• Hausten 2022 vart det utlyst ei 100% interkommunal kulturskulestilling øyremerka folkemusikk og dans, med forankring i dei tre kommunane.
Milepel:
- Etter to søknader om statlege midlar, signert fylkesordfører Arne Thomassen og Setesdalsfolk, fekk UNESCO-arbeidet i Setesdal hausten 2022 ein million kroner på statsbudsjettet for eitt år til vidare arbeid med rekruttering. Dette gjennom eit godt tverrpolitisk samarbeid lokalt og regionalt.
Det er stor ulikheit mellom verdensarv (det materielle) og kulturarv (det immaterielle) når det gjeld økonomisk tilskot og strategi frå statspartane/ UNESCO. Det er ikkje tillate å bruke UNESCO-logo for immateriell kulturarv. Pr. februar 2023 er det fire norske innskrevne kulturuttrykk på UNESCOs immaterielle lister:
- 2016 - Oselvarverkstaden (UNESCOs register over gode vernepraksiser)
- 2019 - Spel, dans og song (stev og stevjing) i Setesdal (representativ liste)
- 2020 - Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (UNESCOs register over gode vernepraksiser)
- 2021 - Nordiske klinkbåttradisjoner (representativ liste)
Milepel:
- Januar 2023 stifta dei fire norske kulturuttrykka på UNESCOs kulturarvlister eit eige nettverk, for betre å kunne samarbeide om felles problemstillingar.
Dei fire norske immaterielle elementa som er UNESCO-lista
Forbundet Kysten
I mars 2023 valte kronprinsparet å besøke Setesdal, som ein av fem reiser i Noreg i samband med sine 50 årsmarkeringar i 2023. Setesdalsfolk vart forespurd av Slottet om å tilskipe ein konsert i Bykle gamle kyrkje 29. mars, som synte UNESCO-elementet (hardingfele, munnharpe, song og dans).
Kronprinsen og Kronprinsessa kjem til Bykle
Olav Åsen Haugsgjerd/ Setesdølen. Gjengitt med tillatelse.
Konsert i gamle Bykle kyrkje
Olav Åsen Haugsgjerd/ Setesdølen. Gjengitt med tillatelse.
Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Setesdal. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Tidlegare var det Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierte fondet, og Setesdal Spelemannslag administrerte det.
Milepel:
- Våren 2023 vart også Åseral og Evje og Hornnes kommune med i Honorarfondet. Det er gledeleg at heile regionen i Setesdal no støttar opp om denne ordninga.
Er den immaterielle kulturarven usynleg? Dette spørsmålet vart debattert under ´Kulturytring´ i Drammen 20. juni 2023, med både fagfolk og politikarar tilstades i panelet, og med folkemusikk og folkedans frå Setesdal. Arrangementet var eit samarbeid mellom Kulturvernforbundet, FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Innleiarane representerte Norges Husflidslag, Forbundet Kysten, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Setesdalsfolk. Politikarane som deltok i panelet var Stortingsrepresentant Tage Pettersen (H), Emma Lind (V), Kathy Lie (SV) og Åslaug Sem-Jacobsen (SP). Målsetjing er at immateriell kulturarv får fast post på statsbudsjettet.
Kulturkonferanse i Drammen
Kulturvernforbundet. Gjengitt med tillatelse
Mai 2023
Mai 2023 leverte Setesdalsfolk ein evalueringsrapport som omhandla prosjektperioden 2021-2023. Målet med rapporten var å syne kva som var gjort kring vern om den UNESCO-lista folkemusikk- og dansetradisjonen i Setesdal, og kva som kunne vere vegen vidare i dette arbeidet. Korleis immateriell kulturarv kan styrkast og leggast til rette i eit større kultur- og samfunnsfelt, og korleis prosjektet bidreg inn mot FNs berekraftsmål.
Rapporten tilråda eit formelt samarbeid mellom sentrale aktørar – eit kulturarvråd - som eit overordna samarbeidsorgan for vidare langsiktig arbeid. Eit kulturarvsråd med politisk leiing der hovudoppgåva er å sikre at UNESCO-arbeidet vert vidareført i ei meir permanent organisering med forpliktande bidrag frå partane. Bidra til ei heilskapleg og varig satsing, identifisere og einast om aktivitetar som er med på verne om folkemusikk og -dans i Setesdal, som kan føre til ei felles utvikling for kommunane i Setesdal i resonans til ideologi og strategi i regionplan Agder 2030.
Juni 2023
Fylkestinget i Agder fylkeskommune tok i juni 2023 evalueringsrapporten til orientering og vedtok å vidareføre fylkets bidrag i form av stillingsressurs tilsvarande inneverande periode, med forutsetning at det vart etablert eit formalisert samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane i Setesdal, museum, arkiv, frivillige og andre relevante aktørar, der ein kunne avklare samla ressursbehov i fellesskap med dei ulike partane.
Kommunedirektørane i Bygland, Valle og Bykle kommune tilrådde også forslaget om oppretting av eit kulturarvråd, med lik føresetnad som fylkeskommunen. Agder fylkeskommune ville delta i kulturarvrådet og andre samarbeidsorgan som eventuelt vart oppretta.
Desember 2023
Det treårige prosjektet Setesdalsfolk vart avslutta (2021-2023) i tråd med vedtaket i fylkestinget juni 2020. I tråd med fylkestingets vedtak juni 2023 vart stillingsressursen ved Annbjørg Lien vidareført.
Januar 2024
Januar 2024 sendte Agder fylkeskommune ut ein formell invitasjon til Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral kommunar, Aust Agder Museum og Arkiv (AAma) og Setesdal Spelemannslag om deltaking i eit kulturarvråd, med oppmoding om å utnemne sin representant og vararepresentant.
Dette med ynskje om deltaking frå alle dei fem kommunane som utgjer Setesdal interpolitiske råd; ei utviding av arbeidet som tidlegare inkluderte dei tre UNESCO kommunane (Bykle, Valle og Bygland).
Mai 2024
Som del av den interkommunale UNESCO-satsinga i Setesdal vart det våren 2024 tilsett ein folkemusikklærar for kulturskulane i Bykle, Valle og Bygland kommunar. Gjennom denne stillinga øyremerka folkemusikk, kan no kulturskulane i desse tre kommunane tilby undervisning i UNESCO-elementet; hardingfele, munnharpe, song og dans.
Knut Utler
‘Vern’ om folkemusikken og dansen i Setesdal er å føre vidare kunnskap og handling gjennom opplæring og formidling. Her er det fint om ein byrjar tidleg med born og unge i eit raust og støttande læringsmiljø.
Setesdalsfolk ynskte å bidra med ein fagplan i folkemusikk for grunnskulane i Setesdal. Fagplanen vil kunne gje elevar og lærarar tilgang til sin eigen folkemusikalske kulturarv, og gjennom å utfalde skaparglede i kvardagen sjølv kan få oppleve og utøve songen, musikken og dansen der ein bur.
Stor takk til skuleeigarar, rektorar og lærarressursane Else Gyro Rysstad, Stine Mari Male, Siv Eline Jacob og Anne Elizabeth Terjesen i Bykle, Valle og Bygland kommunar for godt samarbeid.
Takk til Anne Beate Guldahl for gode innspel.
Takk til Sanne Bak-Pedersen for design og Harald Knutsen/ Agder folkemusikkarkiv for bruk av arkivmateriell og inkludering av fagplanen på arkivets heimeside - begge desse ved Agder fylkeskommune. Takk til Kirsten Bråten Berg for kunstnarisk utval av den vokale delen av innhaldet og til Åse Løvland og Leiv Solberg for arbeidet med fagplanen.
I mai 2024 var fagplanen klar og overlevert alle grunnskulane i Bykle, Valle og Bygland kommunar ved Åse Løvland, Leiv Solberg og Annbjørg Lien.
I komande skuleår 24/25 vert alle lærarar kursa i dans, spel og song.
Anbjørg Lien
Juni 2024
Kulturarvrådet i Setesdal konstituerte seg 12. juni 2024 på Furuly fleirbrukshus på Evje. Fylkesordførar Arne Thomassen vart vald til leiar, med Astri Rysstad frå Setesdal Spelemannslag som nestleiar. I rådet er også alle ordførarane i dei fem kommunane i setesdalsregionen, saman med styreleiar i Aust-Agder Museum og Arkiv (AAma) og styreleiar i Setesdal Spelemannslag.
Føremål
Kulturarvrådet skal arbeide for å take vare på kulturarvsverdiane til folkemusikken og -dansen i Setesdalsregionen i tråd med UNESCOs 2003-konvensjon og partnarskapsavtalen. Rådet skal initiere bruk av folkemusikktradisjonen til beste for heile området.
Kulturarvkoordinatorar
I kvar av dei fem kommunane er det oppretta ein kulturarvkoordinator i tillegg til allereie oppretta ressurs frå Agder fylkeskommune. Koordinatoren frå fylkeskommunen vert leiar for kulturarvkoordinatorane og sekretær for rådet. Saman med arbeidsutvalet og faggruppa skal kulturarvkoordinatorane utarbeide forslag til årleg handlingsplan, førebu møte i kulturarvrådet, setje i verk og følgje opp dei vedtaka rådet gjer.
Observatørar
- Representant fylkeskommunedirektør i Agder fylkeskommune
- Representant kommunedirektørane i Setesdalsregionen
- Direktør Aust-Agder museum og arkiv (AAma)
- Dagleg leiar Setesdal interkommunale politiske råd (SIPR)
- Kulturarvkoordinatorane i Agder fylkeskommune, Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral kommunar
Faggruppa
Alle kulturarvkoordinatorane i dei fem kommunane og Agder fylkeskommune, samt dagleg leiar Setesdalsmuseet og dagleg leiar Visit Setesdal. Faggruppa inviterer inn spisskompetanse etter behov.
På det konstituerande møtet 12. juni 2024 signerte alle involverte aktørar i rådet partnerskapsavtalen i ein høgtideleg seremoni!
Anbjørg Lien