Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging (2023-2027)

Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremje ei berekraftig utvikling i heile landet. Fylkeskommunane og kommunane skal følgje opp dei nasjonale forventningane i planstrategiar og planar. Forventningane skal også leggjast til grunn av statlege styresmakter når dei medverkar i planlegginga. Dei nasjonale forventningane for 2023-2027 blei vedtekne ved kongeleg resolusjon 20. juni 2023.

Forventningsdokumentet samlar dei viktigaste prioriteringane regjeringa har på planområdet for den komande fireårsperioden. Føremålet er å etablere eit felles grunnlag for fylkeskommunane, kommunane og statlege styresmakter, slik at planprosessane blir effektive og målretta og at ein unngår unødige motsegner.

Dei nye forventningane framhevar at det er særskilt viktig å sikre at det blir lagd til rette for vekst og utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet. I slike område må det vere monaleg større vekt på dei lokale vurderingane og prioriteringane. I tillegg er forventningane til jordvern og bevaring av matjord skjerpa.

Dokumentet inneheld 72 konkrete forventingspunkt, fordelt på 5 tematiske kapittel som byggjer på FNs bærektaftsmål:

  • Samordning og samarbeid i planlegginga
  • Trygge og inkluderande lokalsamfunn
  • Velferd og berekraftig verdiskaping
  • Klima, natur og miljø for framtida
  • Samfunnstryggleik og beredskap

For meir informasjon og for å lasta ned dei gjeldande nasjonale forventningane for 2023-2027 klikk på følgjande lenkje til nettsida til regjeringa:

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027