Roper varsku og går sammen for å redde Raet nasjonalpark

Tvedestrand, Arendal og Grimstad kommune, Agder fylkeskommune, Raet nasjonalpark og Havforskingsinstituttet inviterer no alle som er glade i Raet nasjonalpark til felles innsats.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Bilete av Spornes Strand ved Arendal. To menneske speidar utover havet. - Klikk for stort bildePå Spornes på Tromøya i Raet nasjonalpark Geir Eliassen

Dei har fått med seg fleire partnarar i prosjektet Bevar Raet for å ta vare på livet under vatn i Noregs finaste nasjonalpark. Det er områda frå Valøyene i Grimstad via heile Arendals kyststripe til Lyngør i Tvedestrand som utgjer Raet nasjonalpark.

Prosjekt "Bevar Raet"

– Skal vi kunne ha glede av den flotte nasjonalparken vår også i tida framover må alle vi som er glad i og bruker parken på ulike måtar ta ansvar, seier Jenny Gulbrandsen, nasjonalparkforvaltar i Raet nasjonalpark.

Oslofjorden er eit skrekkdøme på kor gale det kan gå. Tidlegare var fjorden frodig og full av liv, men er no nærast heilt tom for fisk og i elendig tilstand.

– I Raet nasjonalpark ser vi også ei negativ utvikling, men utgangspunktet er noko betre enn i Oslofjorden. Det gir moglegheit for å gjere kloke val for framtida, seier Alf Ring Kleiven frå Havforskingsinstituttet.

Bilete av fiskereiskapar på havbotnen. - Klikk for stort bildeFiskereiskapar på havbotnen. Geir Eliassen.

Vil ha med deg 

– Eg håpar og trur at folk flest ønskjer å bidra. I første omgang treng vi at folk fortel oss korleis dei bruker nasjonalparken. Det kan gjerast i ei spørjeundersøking vi har laga der ein teiknar opp dei områda ein bruker, og kva ein bruker dei til. Jo fleire detaljar, jo betre. Dersom mange svarer på undersøkinga, vil vi få masse kunnskap om korleis områda blir brukte og betydninga av dei. Det er til stor hjelp for arbeidet med å bevare Raet, seier Kaya Asdal, prosjektleiar og rådgivar i avdeling for berekraftig utvikling i Agder fylkeskommune.


Gå til undersøkelsen

Bilete av arten sjøhare i Raet nasjonalpark - Klikk for stort bildeSjøhare i Raet nasjonalpark Geir Eliassen

Inviterer pressa til å møte Bevar Raet 

Pressa blir invitert til å møte gruppa som samarbeider om Bevar Raet 30. mai på Havforskingsinstituttet i Flødevigen. Her vil Agder fylkeskommune, Tvedestrand kommune, Arendal kommune, Grimstad kommune, Raet nasjonalpark, Statsforvaltaren, Fiskeridirektoratet, Kystverket og Fiskarlaget Sør-Noreg vere til stades.

Spørsmål kan rettast til:

Kaya Asdal
91590498
kaya.asdal@agderfk.no

Alf Ring Kleiven
93871639
alf.ring.kleiven@hi.no

Jenny Marie Gulbrandsen
98460618
jenny.gulbrandsen@statsforvalteren.no