Torsdag 14 desember fekk Geir Hammersmark i avdeling for verkemiddel og entreprenørskap og Bjørn Stian Hellgren, avdeling for berekraftig utvikling, prøve ein arbeidsdag i kontorfellesskapet.
–Gjennom eit slikt samarbeid knyter me sterkare band og skaper kjennskap, samtidig som me lærar meir om kvarandre og kva me jobbar med, seier Hammersmark.
Prosjektet skal bidra til at det blir utvikla ny kunnskap og vise til nye måtar å jobba på innanfor det offentlege – noko som igjen skal styrkja distrikta.
Styrkar og samlar gjennom kompetanseklyngjer
–Målet i prosjektet er at ein gjennom eit slikt samarbeid, både uformelt og formelt gjennom kompetanseklyngjesamarbeid, skal styrkja og samla det offentlege kompetansemiljøet i regionen på tvers av forvaltningsnivå. Dette skal igjen resultera i ein meir målretta og effektiv offentleg forvaltning, seier prosjektleiar i Statens hus, og tilsett i Lyngdal kommune, Marius H. Thoresen
Kenneth Andresen, fylkesdirektør for plan og analyse, er medlem av styringsgruppa for prosjektet.
– Statens hus er ein stad me kan bruka til praktisering av samarbeid og til effektiv tidsbruk når me er i vestre del av Agder, seier Andresen.