Kulturskulelærar i folkemusikk 

Dessverre er søknadsfrist gått ut:

Ei unik moglegheit i Setesdal som kulturskulelærar i folkemusikk er no oppretta. Ei 100 % stilling (kan eventuelt delast på to personar med 50 % kvar). Frist for å søke er 2. februar. 

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Bakgrunn

Dei tre UNESCO kommunane i Setesdal - Bygland, Valle og Bykle - samarbeider no om ei interkommunal folkemusikkstilling i kulturskulane. Det har vore lite tilbod tidlegare då det er for få utøvarar i tradisjonen og lite rekruttering. Dette er grunnen til at hardingfele, munnharpe, song og dans er markert som utrydningstrua av UNESCO og treng vern (les: rekruttering). At dette no vert forankra kommunalt, viser stor vilje til å bidra i dette arbeidet.

Agder fylkeskommune heiar på denne viktige opprettinga og vonar at for den rette er dette ei spennande moglegheit. Den som får stillinga vil være særs viktig i arbeidet med å redde, utvide og gi opplæring i  immateriell kulturarv frå Setesdal.

Søknadsfrist: 2. februar

 

Her kan du lese meir om UNESCO Setesdal 

Kvifor støttar fylkeskommunen ei kommunal utlysning?

I 2019 kom spel, dans og song (stev og stevjing) i dei tre øvre setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Denne stillinga er ei satsing på UNESCO Setesdal.

Agder fylkeskommune oppretta i 2021 prosjektet Setesdalsfolk, med Annbjørg Lien som prosjektleiar. Også Setesdalsmuseet har immateriell kulturarv i sin portefølje. Gjennom opplæringsprosjektet Gorrlaus, eit samarbeid mellom kommunane og Setesdal Spelemannslag, får alle barn og unge opplæring i folkemusikk og -dans i barnehage og skule.  No aukar satsinga gjennom denne interkommunale stillinga.